Jakob Sande sine tekstar ertonesette av den færøyske legenda Hanus G. Johansen. Han kjem tilAtlanterhavskvelden i Aasen-tunet fredag 17. februar, ein kveld derein god fiskemiddag er ein sjølvsagt del av programmet.

Hit kjemogså Ottar Fyllingsnes, som har skrive bok om færøysk historie ogkultur, forfattar Guri Aasen og båtbyggar Håvard Hatløy.

I 2015kåra lesarane av National Geographic Færøyane til «Åretsdestinasjon». Dei grøne øyane i havet trekker turistar som aldrifør, og nordmenn reiser for å oppleve eit øysamfunn med røter inorsk historie. Forfattar og kulturjournalist Ottar Fyllingsnesstår bak boka Færøyane, som er meir enn ein vanleg reiseguide. Hoopnar døra til historie, kultur og kvardag på Færøyane. Fyllingsneshar leita i den felles norsk-færøyske historia etter grunnlaget forog utviklinga av mikrostaten vest i havet. For korleis kan eitøysamfunn med så mykje motgang likevel vere eit modernevelstandssamfunn i medgang? Færøyane er ein kulturhistoriskvegvisar med stor tematisk breidd i eit lite geografisk landskap.

Fyllingsnes skriv mellom anna om sjølvstendestriden, krisa ikystfisket, kampen for språket og olsokfeiringa, som også erFærøyane sin nasjonaldag. Lesaren får gjennom møte med folk, kulturog næringsliv eit unikt innblikk i korleis Færøyane er i dag,samstundes som forfattaren trekker linjer i samfunnsutviklingaheilt attende til vikingtida.

Hanus G. Johansen har sett musikk til30 Jakob Sande-dikt, nokre av dei finn du på plata Frå leddiken.Johansen er ein allsidig musikar og blir rekna som ei levandelegende heime på Færøyane. Han har valt å gjere Sande-tolkingane pånynorsk, og dei blir ein naturleg del av det fleirspråklegerepertoaret hans under Atlanterhavskvelden. Fyllingsnes og Johansener i godt lag med lokale krefter. Håvard Hatløy og Ingvill Naalsundfrå Stiftinga Sunnmøre museum fortel om sunnmørsfæringen ogbåtbyggartradisjonen, og viser korleis båtane vart bygde ettertradisjonsboren kunnskap der byggekodeksen var høvestal ogkroppsmål.

Guri Aasen har med seg den nye boka Fiskarkona ogdøtrene hennar, der ein mellom andre blir kjende med fiskarbondenog budakokka, kverkejenta og klippfisk-kjerringa, røykeriarbeidarenog hermetikkarbeidaren.

– Heile programmet er sydd saman til einkulturkveld med torettars middag inspirert av Atlanterhavet medtilslørte fiskarjenter til dessert, seier dagleg leiar GauteØvereng i Aasen-tunet. Atlanterhavskvelden har avgrensa med plassar.