Ungdomens kulturmønstring for Ørsta og Volda vart arrangert i Ørsta kulturhus sist søndag. Frå Ørsta går desse vidare til fylkesmønstringa:

Jenni Aamås (13), som framførte «Some die young» av Laleh. Juryen skriv: «Veldig fin songstemme, songen passar perfekt til stemma, godt samspel. Jenni hadde med seg onkel Jossi på gitar».

Tora Ose (14), som framførte «Kva kan eg gjere» av Sigvart Dagsland. Juryen skriv: Fint songval, fin dynamikk og god og kraftfull stemme. God innleving, det er lett å sjå at ho likar å stå på ei scene og har gjort dette før!» Tora hadde med seg broren Sigurd Ose, som også fekk skryt av juryen for flott pianospel.

Kunstinnslaget «Rødhette» av Marie Haugen (18) gjekk også vidare frå Ørsta. Juryen skriv: «Fin fargekomposisjon. Eit uttrykksfylt og sterkt bilete. God modellering og godt jobba med det digitale».

Volda

Frå Volda er følgande innslag valt til å gå til fylkesmønstringa:

Bear inc med den sjølvskrivne songen «For You». Bandet består av «Eirik T. Bjørneset (20, gitar og vokal), Erlend T. Bjørneset (14, bass) og Tor-Stian Bjørneset (20, trommer). Juryen skriv: Tøft og originalt, bra energi og god kontakt med publikum. Eit teknisk godt band som kan nå langt. To kule låtar som var fengjande og spennande. «For you» er ei fengjande låt som gir god energi i publikum».

Khaled Moussa (15), som framførte «Demons» av Imagine Dragons. Juryen skriv: «Fin scenefigur, det vart raskt god stemning i salen. Bra stemme og vokalprestasjon, men treng litt meir øving på gitar».

Kunstinnslaget til Even Finnøy (15), med fotografiet «Gitarstrengar» går også vidare. Juryen skriv: Fint fargespel og lys i biletet. Gode kontrastar og romverknad».

Juryen har også nominert Frida Mo Bergli som programleiar på fylkesmønstringa. Her er det UKM Møre og Romsdal som avgjer. Mo Bergli var ein av fire programleiarar under

Jury

I scenejuryen sat: Øystein Nybø, Mathias Fischer Blichfeldt og Thomas Vartdal Vinjevoll.

I kunstjuryen sat Anne Marit Varpen og Tove Stavem Reite.

Fylkesmønstringa blir arrangert i Midsund frå 31. mars til 2. april.