Volda vidaregåande skule har halde på i 20 år med å produsere noko som har blitt kjent på heile Søre Sunnmøre. Kvart år har produksjonen blitt større og større, og dei har ikkje spart på krutet i år.

Namnet på årets musikal er “The cream of soul”, og som ein kan høyre på namnet blir det mykje soulmusikk og mange av songane er sterke. Manusforfattar og regissør Jan Terje Eidset har jobba med manuset sidan august. Både elevane på musikklinja og andreklassingane på medielinja jobbar hardt for å få ein best mogleg musikal.

Karen Mathea Ulvund Solstad går i tredjeklasse på musikklinja ved Volda vidaregåande skule. Dette er hennar siste musikal, og ho har fått ei av dei store rollene. I tidlegare musikalar har ho vore med på dansing, og synging i koret. Gjennom musikalen har ho blitt meir kjend med elevane både på medielinja og dei andre klassetrinna på musikklinja.

– Etter musikalen blir både media og musikk meir knytt saman, seier Karen Mathea.

Ørsta og Fosnavåg

Framsyningane for musikalen skal vere på Ørsta kulturhus og Fosnavåg konserthus. Premiera blir i Ørsta tysdag 14. februar. Det blir to påfølgjande framsyningar på onsdagen før sirkuset tek vegen til Fosnavåg fredag 17. februar.

Tekst: Lisa Bendal og Thea Berge Baastad, Volda vgs.