Filmen, som vart spelt inn på Øye i april i fjor, er ei politisk satire/komedie om korleis det er å vere framand i Noreg og måtte lære seg norsk kultur og køyrereglar.

Filmen har førpremiere på Volda Filmteater 4. februar. Ordinær premieredato er 17. februar.

Førpremieren skal også vere med og markere nedlegginga av Volda statlege mottak, melder presseansvarleg Mona Sjøli i Beacon Isle Films.

Ho oppmodar folk om å kome tidleg til filmframsyninga, då regissør Jan Vardøen skal presentere filmen. Etter filmen vert det ein kort debatt med temaet «Kva er integrering», og etterpå vert det fest for Volda mottak.

Volda statlege mottak vart vedteke nedlagt frå mars i år. Med det forsvinn 160 mottaksplassar og seks arbeidsplassar frå Volda.

Filmen følgjer Ramin, ein ressurssterk mann frå Midtausten, som kjem syklande over grensa til Noreg. Han finn raskt vegen til Akademiet der han skal lære å verte norsk gjennom ein serie kulturprøver, den eine meir surrealistisk og bisarr enn den førre. Viss han ikkje klarer prøvene, må han ut av landet.

– Eg vil vise fram det sære og det snille med nordmannen, og korleis det er for framande å navigere seg gjennom dette, fortalde regissør Jan Vardøen då Møre-Nytt snakka med han under filminnspelinga i fjor.

Han fekk med seg eit koppel av kjende skodespelarar til Øye. Hotellet fungerte både som overnattingsstad og lokasjon for mykje av innspelinga. I løpet av ti korte dagar spelte dei inn ein 87 minutt lang film.

– Tidsperspektivet er ekstremt, kommenterte skodespelar Gard Bjørnstjerne Eidsvold under filminnspelinga.

– Men det er difor det er så fantastisk å vere her. Det er stressande å lage film, men her på Øye er det veldig roleg.

Medverkande i filmen: Shahrukh Kavousi, Gard Bjørnstjerne Eidsvold, Hege Schøyen, Helén Vikstvedt, Ali Djabbary, Egil Hegeberg, Knut Nærum, Sven Henriksen, Ingeborg Sundrehagen Raustøl.

Hovudrolla: Shahrukh Kavousi har hovudrolla i filmen. Her i samtale med regissør Jan Vardøen. Foto: Arne Vidar Stoltenberg Foto: Arne Vidar Stoltenberg