Lystadhjørnet

Namnet kjem etter fotograf Olav Lystad som etablerte fotoverkstad her i 1932. Men også etter R. Lystad Manufakturforretning, starta i 1907, som ei av dei første forretningane i Ørstavik. Denne forretninga låg i Liadalhuset, rett over gata for det okergule Lystadhuset, der Det Lille Napoli driv restaurant i dag. Reidar Lystad AS, Herreekvipering vart så starta opp i 1932, basert på R. Lystad si verksemd. Her vart det seld herreartiklar og tobakk. På den tida var dette einaste spesialforretning på Søre Sunnmøre for denne typen varer.

Lystadhuset, det okergule huset på hjørnet, vart bygd i 1903. I 1915 vart huset skrudd opp for å gi plass til forretning i kjellaren. Olav Lystad grunnla i 1932 fotografverksemda si. I Olav Lystad si tid vart det også drive kortforlag, sal av fotogartiklar og rammeforretning. I starten var dei tre tilsette, men i femti-åra auka dei til åtte tilsette. Eit nytt og på den tida moderne forretningsbygg vart etablert i hagen ved sida av Lystadhuset i 1948. Etterkomarane driv framleis fotoverksemd i same lokala.

I bakkant av Lystadhuset låg Ose Hotell. Det var grunnlagt i 1912 av Johan Ose. På den tida var det ei sentral plassering, nær dampskipsbrygga. Hotellet hadde 24 senger, spisesal, tre salongar og fire utpakkingsrom. Dei kunne også reklamere med sentralvarme og varmt og kaldt vatn på alle rom.

Vegen gjennom området har namn etter Anders Aarsæter (Anders Aarsæter-gata). Anders Aarsæter (1791-1881) var frå Follestaddalen og var ein føregangsmann i jordbruket. Sonen Anders (1844-1911), som også hadde eit hus i denne gata ei stund, skipa saman med broren Nils firmaet Brødr. Aarsæther i Ålesund i 1877, men han skreiv namnet med th. Difor er det truleg faren som er heidra i gatenamnet.

Kjelde: Det norske næringsliv, fylkesleksikon for Møre og Romsdal, 1942 og 1953. «Vegar og namn» av Peter Hallaråker, 2006.

Farkvamen

Farkvamen og Farkvamplassen har namn etter Rasmus Jørgenson Farkvam (1814-1890). Han var frå Veøy i Romsdal, men flytta frå Ålesund til Ørsta rundt 1864, saman med kona Anne og borna Jørgine og Anton. Anne og Rasmus hadde også to eldre døtrer, Marit og Berit, som ikkje vart med dei til Ørsta. I Ørsta budde familien både på Velle og i Ytre-Hovden (på same gard som Anders Hovden var frå). Seinare flytta dei til staden som no har fått namn etter denne familien (Nedre Farkvamen og Øvre Farkvamen). Sjølv hadde Rasmus Jørgenson Farkvam namnet sitt frå Farkvam mellom Måndalen og Vågstranda. Farkvam tyder «kort botnedal».

Farkvamen barnehage vart etablert i 1989. Rett bak barnehagen ligg området Sjagerlia. Her vart det drive skogplante-skule frå 1912. Romsdals Amtskogselskap kjøpte i 1912 gardparten «Sjaak» av Ytre Vik i Ørsta til planteskule for amtet. Møre Skogplanteskulen var i drift til 1981.

Namnet Sjager kjem frå tida då garvar O. A. Jacobsen dyrka teigen sin, heilt frå Bakkevegen og opp til utmarksgarden. Av dei som arbeidde med denne jordbrytinga var der to menn frå Skiager - bygda som i dag heiter Skjåk. Desse to arbeidde der mest, og vart verande i bygda lenge. Bygdefolket kalla dei for Sjagerkarane, og derav fekk teigen dei braut opp namnet Sjager. Dyrkinga gjekk føre seg i 1860-1880-åra.

Samstundes med jordbrytinga, sette eigar Jacobsen i gang ombygging av vegen frå Sjager og ned til sjøen. Hundrevis av hestelass med stein vart så frakta ned til kaianlegget i Ørstavik. Det vert fortalt at arbeidarane ved garveriet var med på å finansiere veganlegget, og at dei vart trekte to øre per dag av lønna, som var 95 øre.

Då vegen i området skulle få namn, vart vedtaket Skogvegen og ikkje Sjagervegen. 5.12.55 vedtok kommunestyret samrøystes namnet Skogvegen som ein heider til skogreisingsplanen og planteskulen. Namnet Sjager er såleis eit namn som berre lever vidare på folkemunne.

Kjelde: «Farkvamen barnehage 1989-2009» av Gunnar Ellingsen. «Vegar og namn» av Peter Hallaråker, 2006. Innlegg i Møre-Nytt av John P. Moe, feb. 1978. Sunnmøre Historielag/Hans Berg.

Vallahelvetet

Framleis er det vel dei som seier «Esso» om Mørebil-tomta, og tenkjer tilbake til tida då dette var den store samlingsstaden for ungdom i helgane. Det gamle namnet på området, eller delar av området, der Esso-stasjonen låg, var Vallahelvetet. Helvete er ikkje å forstå i den tydinga folk til vanleg har på ordet. Som stadnamn tyder helvete ein våt stad, eit sumpområde der det er vanskeleg å slå.

Kjelde: Møre-Nytt, 23. desember 1999.

Webjørn Svendsen-gata

Etter Webjørn Svendsen (1753-1829), som var handelsmann og haugianar og kom frå Hallingdal til Ørsta. Han kjøpte garden Vik (Ørstavik), den mest sentrale garden i Ørsta sentrum. Sonesonen Webjørn Svendsen (1834-1899) er rekna som grunnleggjaren av handelsverksemda i Ørsta og utviklinga av Svendsengarden til eit senter med bank, post og hotell. Begge personane er truleg heidra i gatenamnet.

Kjelde: Møre-Nytt, 28. desember 2001.

Skrive i samarbeid med kulturrådgjevar i Ørsta kommune, Jostein O. Mo.