Det viser tal biblioteksjef Hanne Steinsvik har henta ut.

Besøkstalet landa på om lag 40.000, mot litt over 30.000 i 2015.

Når det gjeld utlån av bøker gjekk talet likevel noko ned. I 2015 lånte Ørsta folkebibliotek ut 44.182 bøker, mot 29.912 bøker i 2016.

Av desse bøkene var 13.944 barnebøker og 15.968 bøker for vaksne.

Totalutlånet, inkludert bøker og andre medium er 38.226. Dette inkluderer utlån av cd-ar, filmar, lydbøker og e-bøker med 8.314 utlån, fordelt på 3.301 til barn og 5.013 til vaksne.

Totalutlånet av bøker og andre medium fordelar seg då med 17.245 utlån til barn og 20.981 utlån til vaksne.

Volda

Til samanlikning hadde Volda folkebibliotek i 2016 41.500 besøkande, og lånte ut 32.000 bøker. 52 prosent av utlånet var bøker eller filmar rekna for barn.

Ny sjef

Hanne Steinsvik tok over som biblioteksjef i fjor haust etter at Birgitt Barstad Sørheim gjekk av med pensjon.

I dag er dei 2,1 årsverk ved folkebiblioteket i Ørsta.

– Det er mykje å halde styr på, og vi er få hender i arbeid. Folk har gjerne eit inntrykk av at biblioteket er ein roleg og stille plass å jobbe, men her skjer utruleg mykje, og det er mykje å halde orden på. Det er ein dynamisk stad. Det handlar om meir enn bøker, vi er også møtestad for menneske i alle aldrar, og har mange arrangement i løpet av eit år. Og utruleg mange bøker å halde styr på! sa Hanne Steinsvik til Møre-Nytt i november i fjor, etter at ho hadde teke over som biblioteksjef.

Bøker: Folkebiblioteket i Ørsta er mykje brukt, både til boklån og ulike arrangement. Foto: Janne-Marit M. Falch