Og der var der rigga for konsert – fullt og heilt med feit lyd og komplett lysanlegg. Men denne gongen utan publikum.

Vassendgutane driv nemleg å prøvar ut nye måtar å presentere seg på for publikum, eit nytt uttrykk som det heiter, og vil gjere diverse endringar før det til helga brakar laust med konsert att. Repertoaret har hatt ein gjennomgang, og no er det putta inn nye låtar, og nokre er fjerna.

Pågangen etter Vassendgutane er minst like stor i år som andre år, og allereie no har dei booka spelejobbar mest kvar helg heile året.

– Det ser veldig bra ut. Vi har hatt mykje folk på konsertane, så det går eigentleg så det susar med oss. Det ser ut som at det har kome opp ein ny generasjon av unge som likar oss, folk som har «arva» interessa etter foreldra. Og det er moro, seier bassist og vokalist Sindre Aam.

Ny musikar

Bandet har no fått på plass ein ny musikar på steelgitar etter at Alf Rune Melby gav seg i bandet. Den nye musikarem Henning Antonsen (41), kjem frå Stange i Hedmark og vert rekna for å vere ein av dei beste i landet. Antonsen har spela saman med namn som m.a. Ole Ivars, Anne Nørdsti, Ingemars, Ottar Big Hand Johansen og Arne Benoni. At det er ein røynd mann som sit bak steelgitaren fekk vi høyre under øvinga i Furene, for der kunne det opplevast som at Antonsen har spelt med karane frå vassenden i mange år.

– Det er fantastisk å få spele saman med Vassendgutande. Eg har fått ei veldig flott mottaking, og her ligg alt til rette for mykje moro. Eg gler meg, fortel Antonsen, til dagleg rekneskapsførar.

Han visste ikkje så mykje om Vassendgutane før han starta i bandet.

– Eg hadde høyrt hitane deira, men ikkje noko særleg meir. Eg fekk tilsendt alt dei har gitt ut, og no kjenner eg musikken godt. Og eg har vorte glad i denne musikken. Dei er betre musikalsk enn eg kanskje trudde, seier den sympatiske hedmarkingen.

Han fortel at han tek til i bandet med ærefrykt.

– Dei har hatt gode steelgitaristar, men eg håper å kunne setje mitt preg på bandet og kanskje bidra med noko nytt. Eg er spent, men det er veldig behagelege folk i bandet, dei er inkluderande og «fine» typar. Så dette skal gå bra, reflekterer Antonsen.

Han spelar også bass og gitar, og syng litt.

– Men han får ikkje vere med å kore før han kan dialekta vår, skjemtar frontfigur Sindre Aam. Han rosar den nye steelgitaristen og er overtyd om at han kjem til å levere godt.

Det er også kome nye folk i apparatet rundt Vassendgutane. Ny lydmann er frå Hornindal. Og Ørstingen Christopher Woldsund har vorte turneleiar etter at Kåre Basso slutta i fjor. Woldsund starta i jobben før sommaren i fjor, og har hatt ei bratt læringskurve.

– Min jobb er m.a. å organisere konsertane i samarbeid med arrangørane slik at alt vert best mogleg. Eg skal også halde orden på gjengen. Det er jo slik at nokre av dei går seg ville i sin eigen heim, humrar Woldsund.

Han stortrivst som turneleiar og fortel om ein kjekk og omgjengeleg flokk musikarar.

– Å reise på tur med Vassendgutane er litt som å reise med eit sirkus. Det er hektisk og kjekt. Det er eit privilegium å få vere med dei.

Ny steelgitarist: Henning Antonsen frå Hedmark vert rosa i skyene av Rune Brautaset (t.v.) og Sindre Aam i vassendgutane. Eit lykketreff, meiner dei. Foto: Roy-Arne Folkestad
Turneleiar: Christopher Woldsund skal som turneleiar halde orden på Vassendgutane, ein jobb han stortrivst med. Foto: Roy-Arne Folkestad