– På ein stumfilmkonsert vert musikken ein vesentleg del av opplevinga, og atmosfæren i rommet vert heilt annleis enn på ein vanleg film, skriv Hjørundfjord filmteater i ei pressemelding.

Stumfilmane var vanleg dei første 20–30 åra av filmhistoria, men etter 1930-åra har det vore produsert svært få filmar av denne sjangeren. No vil den vesle kinoen på Sæbø løfte fram den spesielle sjangeren, og arrangerer stumfilmkonsert søndag 26. februar.

– Vi er så heldige å ha med oss pianist John Inge Leira Bjøringsøy frå Leira inst i Hjørundfjorden. Han skal saman med Tor Grunde Simonsen (på saksofon) spele stemningsskapande musikk til Chaplin-klassikaren «The Kid» frå 1921.

Musikken blir på filmen sine vilkår, med tidsrett jazz frå 20- og 30-talet. «The Kid» er ein film i typisk Chaplin-tradisjon, ei blanding av komedie, drama og patos.

– Konserten vert ein filmhistorisk reise der publikum får oppleve korleis det var å gå på kino i filmens barndom. Dette vert ein kulturoppleving utanom det vanlege, skriv arrangørane, som lovar at konserten og filmen passar for folk i alle aldrar.

Sjakk

Stumfilmkonserten blir hovudsatsinga til Hjørundfjord filmteater denne våren. Dei har likevel mykje meir på programmet og sesongopninga blir allereie søndag 15. januar, med sjakk og film.

– Vi startar med kjende figurar i filmen «Gubben og katten – bestevenner og masekråker». Seinare på kvelden viser vi dokumentaren om Magnus Carlsen, annleisguten som valde å gå sin egen veg og vart verdsmeister i sjakk berre 22 år gamal. Jørn Kippersund frå Bjørke og Volda/Ørsta sjakklubb skal halde ein liten introduksjon til filmen. I tillegg har han utfordra Sæbø til ein lynsjakkduell på scenen med eit stort golvsjakkbrett, og Marius Riise skal representere lokalbefolkninga.

Hjørundfjord filmteater skal også vise fleire kortfilmar, og har eige program for valentinsdagen og sjølvsagt påskekrim. Fleire av framsyningane er ein pakke, med introduksjonar, foredrag eller liknande i tilknyting til filmen.