Bakketunet: Bakketunet på Bjørke hadde sin siste heile sesong i fjor sommar. I år opnar dei likevel tunet for besøkande, delar av sommaren. Arkiv
            (Foto: Janne-Marit Myklebust)

Bakketunet: Bakketunet på Bjørke hadde sin siste heile sesong i fjor sommar. I år opnar dei likevel tunet for besøkande, delar av sommaren. ArkivFoto: Janne-Marit Myklebust

Bakketunet opnar igjen

Drivar av Bakketunet på Bjørke, Marita Bett Aakre, melde i fjor at ho no ville stenge dørene for publikum i det verneverdige tunet, grunna anna arbeid.

No melder Bakketunet på sine heimesider at dei likevel vil halde ope delar av sommaren 2017.

– Vi ønskjer godt nytt år med nyvøla fjøs og nyheita om at vi kjem til å ha ope kvar søndag i heile juli, står det på sida.

Utstilling og kafé

I løpet av juli vil det verte ei hovudutstilling i kufjøset, skiftande handverksutstillingar i kammerset, stabburet og sauefjøset. Det vert enkel kafé og matservering slik som tidlegare år.

– I tillegg kjem vi til å ta imot grupper med eigne aktivitetar og tilbod om matservering gjennom heile sommaren. Nytt av i år er at det vert mogleg for organisasjonar og private aktørar å leige tunet til arrangement i månadane juni og august. Vi kan blant anna avsløre at det kjem til å verteNorrøn Urkraftworkshop i august. Den nye driftsforma vil forhåpentlegvis gi oss som bur i tunet litt meir fridom og sommarferiekjensle, står det å lese på heimesida.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Dette vert lest no:

Tolv år og kyrkjeorganist

Eirik Stave er berre tolv år, men spelar kyrkjeorgel som om han ikkje skulle ha gjort anna.

Per Inge ryddar Ørsta

På 150 meter på Mosflata, samla Per Inge Rebbestad 14 sekkar med bos, isoporrestar, bildelar, oljetønner og restane av ei gatelykt.

Ny flyrute til Oslo

Widerøe aukar kapasiteten på Ørsta–Volda lufthamn, Hovden.

Takkar for gjevargleda

Leiaren for tv-aksjonen i Ørsta, varaordførar Karen Høydal, er sværet takksam for gjevargleda,

Ørsta legesenter skårar lågt

Ørsta Legesenter skårar lågt på Forbrukarrådet si rangering av informasjonsflyten og sørvisen hos landets fastlegekontor.

Skaut over 10.000 hjortar i Møre og Romsdal

Det er mange som likar hjortejakt i fylket vårt.