1.107 personar såg filmen. På andreplass er Børning 1 med 772 selde billettar.

Totalt hadde Volda Filmteater 14.737 besøkande i 2016, ein liten nedgang frå 2015, då talet på besøkande var 15.209.

– Vi er nøgde med desse tala. Volda Filmteater er ein kino for voldingane, og vi gjer det beste ut av dei fasilitetane vi har, seier kinosjef Janita Mo.

Etter at ho tok over som kinosjef i april i fjor, har ho prøvd å ha fokus på ulike aktivitetar knytt opp til filmane. Då filmen om sjakktalentet Magnus Carlsen vart vis, vart det invitert til sjakkturnering, og då Børning 2 gjekk, var det burning-konkurranse utanfor kinoen.

–Det skal vere kjekt å gå på kino i Volda, seier Mo.

Som i Ørsta var filmen Bølgen eit stort trekkplaster i 2015. Det gjer at besøkstalet gjekk noko ned i fjor, då ingen annan film hadde like stor appell.

– Snittet lokalt på besøket på denne filmen låg langt over snittet på landsbasis. Naturleg nok, sidan Bølgen viste ein katastrofe som råkar i lokalmiljøet. Eg har tru på at også 2017 vert eit godt kinoår. Det er mange gode filmar som kjem i løpet av året. Eg legg stor vekt på å sette opp filmar for alle aldersgrupper og interesser.

Dei ti mest sette filmane på Volda Filmteater i 2016

1. Kongens Nei – 1.107

2. Børning 2 – 772

3. Snekker Andersen og Julenissen – 645

4. Mannen fra Snåsa – 613

5. Deadpool – 532

6. Et helt halvt år – 497

7. Istid 5: På kollisjonskurs – 457

8. Fabeldyr og hvor de er å finne – 429

9. Dyrene i Hakkebakkeskogen – 381

10. Bridget Jones’ Baby – 380