– Dette er nesten like bra som i 2015, og over det vi hadde venta, for ingen film i 2016 har vore i nærleiken av å ha like bra besøk som Bølgen hadde i 2015, seier kulturhusleiar Janne M.G. Skarstein.

Nøgde

Over 4.500 såg Bølgen på Ørsta kino i 2015.

– Så at vi har nesten like bra besøk i 2016 er vi godt nøgde med, med tanke på at den filmen som drog mest publikum i 2016 hadde 1.606 besøkande.

Det var Børning 2 som var den mest populære filmen i fjor, der mellom andre Kjell «Kjellen» Bigset hadde ei viktig rolle som ferjemann.

– Store suksessar som Bølgen kjem ikkje ofte, og vi må heilt tilbake til 90-talet og Titanic for å vise til nesten like bra besøk på ein film. Såleis er det å rekne som ein generell auke i besøket, sjølv om talet viser litt nedgang, seier kulturhusleiaren.

Ulike konsept

Det er stadig nye gjester som finn vegen til Ørsta kino, og i 2016 starta dei også opp med babykino, strikke- og heklekino, og heldt også fram med eit dagkinotilbod ved ulike høve.

– Babykino har vi ein og annan onsdag på dagtid, og det går ut på at folk har høve til å ha med seg babyen sin på kino, og lyden er også tilpassa dei små. Filmen er ferdig når barneskulen er ferdig for dagen, for dei som har barn som skal verte henta der.

Strikke- og heklekino vert arrangert på kveldstid. Her er det normalt lydnivå, men det er litt lys på og ikkje heilt mørk sal, tilpassa dei strikkeglade.

– Begge tilboda har eigne Facebook-grupper som alle kan vere med i, og der får folk vere med å foreslå filmar, og stemme fram den filmen dei har mest lyst til å sjå.

Familiekino

Eit nytt behov kinoen også har merka seg, og vil prøve å dekke, er familiekino. Dette konseptet er planlagt for barnefamiliar.

– Vi planlegg om lag ei framsyning kvar månad på tidleg ettermiddag, slik at det ikkje vert for seint for dei minste. Desse framsyningane vert utan reklame, men med filmtrailerar, og lyden vert tilpassa dei små, slik at babyar også kan vere med i salen. Uansett konsept, om det er babykino, strikke- og heklekino eller familiekino, er tilboda ope for alle som vil, men folk må då akseptere dei tilpassingane som vert gjort for hovudmålgruppa, seier Skarstein.

Nye stolar

Ørsta kino er altså i stadig utvikling når det gjeld innhald, og denne våren vert det også gjort fornyingar i sjølve salen.

– Etter påske stengjer vi ned ein periode for å renovere kinosalen, og når vi opnar igjen har vi mellom anna fått på plass nye stolar. Dagens stolar har fullført si teneste, og vi gler oss veldig til å opne dørene til ein ny og betre sal.

Dei ti mest sette filmane på Ørsta kino i 2016

1. Børning 2 – 1.606

2. Kongens nei – 1.257

3. Et helt halvt år – 1.152

4. Snekker Andersen og Julenissen – 1.077

5. Dyrene i Hakkebakkeskogen – 781

6. Alvin og gjengen: I farta (norsk tale) – 699

7. Istid: På Kollisjonskurs (2D, norsk tale) – 658

8. Bridget Jones’ Baby: Alle gode ting er tre – 565

9. Deadpool – 549

10. Rogue One: A Star Wars Story 3D – 474 (+ 68 som såg han i 2D)

Populær: Børning 2 var den mest populære filmen på Ørsta kino i 2016. I filmen dukkar også ein svært kjend ferjemann opp, Kjell «Kjellen» Bigset. Arkiv Foto: Joachim Åsebø