av Ove Røv

Eit tynt snødekke og klar himmel med austaver gjorde natta såpass lys at ein kunne sjå aktiviteten på fjorden. No gjekk det mot den siste krigsjula i Norge, radiosendingane frå London fortalde om tysk tilbaketog både frå aust og vest. Og denne hausten hadde dei allierte flyangrepa auka i tal på vestkysten av landet, det var om å gjere å hindre den tyske skipstrafikken med krigsviktige varer å nå heim til Tyskland. Ved ei par høve hadde tyske konvoiar søkt tilflukt i Ørstafjorden, men lågt skydekke hadde så langt spart Ørsta for krigshandlingar.

Ute i Oksavika låg brørne Ole og Tore Snefjellå i ei lita kald og rå og sjølvbygd hytte oppe i fjellsida og observerte tysk skipstrafikk gjennom Vartdalsfjorden både sørover og nordover. Brørne var tilknytte Special Intelligence Service (SIS), ein alliert militærorganisasjon som overvaka fiendtleg militær aktivitet i det okkuperte Europa.

Snefjellå-brørne hadde etablert seg i Oksavika i april same året, og dei hadde hjelp frå nokre av familiane i Oksavika. Fram til dei måtte røme landet på ettersommaren var Torgeir Olason og Olav Vinjevoll frå Heimefronten i Ørsta ofte gjester i hytta.

Den trafikken SIS-agentane observerte, vart rapportert over radio til England der det vart bestemt kva som eventuelt skulle gjerast. Rapportane frå brørne hadde allereie ført til fleire flyangrep rundt Stad, med mange søkkte tyske skip som resultat. Difor var tyske radiopeilebåtar ofte i aktivitet for å finne ut kvar agentane låg. Og tida var no i ferd med å renne ut for denne stasjonen.

Tysk konvoi

Denne natta i desember vart ein større konvoi av tyske båtar observert, eskortert av to sterkt armerte vaktbåtar. Konvoien delte seg mellom Ørstafjorden og Voldsfjorden, med ein vaktbåt i kvar fjord. Inn Ørstafjorden segla fire større handelsfartøy og ein vaktbåt. «MS Cygnus» la til ved Grepakaia. Utanfor den noverande badeplassen på Ose kasta MS «Albert Janus» anker. Utanfor Selbervika la dei to skipa «Dockenhunden» og «Radbod» til. «Radbod» var ein steambåt, medan «Dockenhunden» var eit moderne skip med dieselmotor.

Båtane vart observerte, og brørne Snefjellå var raske med å sende melding over Nordsjøen med opplysningar om kvar skipa heldt til. Vaktbåten var ein kverrsett kvalfangar frå Steinshamn. Det norske namnet på kvalfangaren var «Thorgny», men tyskarane hadde utstyrt han som Voorpostenboot og gitt han namnet «Geuse», med registreringa VP 6805. Denne båten la til ved sildoljekaia i Skorgeura. Taktikken til tyskarane var å segle innanskjers om natta og så ankre opp i tronge fjordar på dagtid.

Skorgeura

Dette var i tida før jul, og i verste matmangelperioden måtte folk klare seg som best dei kunne. Kvernhusa rundt i landet var stengde. Dei tyske styresmaktene var redde for at korn vart unndrege forsyningsnemndene. Men kreativiteten var stor mellom folk. Ute i kvernhusa i Skorgeura hadde Jon Vinjevoll og broren vore og male korn uløyves denne natta. Dei observerte skipa som la seg for anker i fjorden der dei hasta heimover med nymale mjøl på syklane. Jon var med i heimestyrkane i Ørsta og dermed spesielt interessert i det som gjekk føre seg.

I England vart rapportane frå Okasvika analyserte, og det vart bestemt at dette var attraktive mål for eit angrep. Eit ganske stort moderne skip som segla inn Voldsfjorden vart peika ut som eit hovudmål, saman med fleire andre. Difor vart det bestemt at angrepstyrken frå flyplassar i Skottland skulle dele seg i to i angrepet. Ei avdeling skulle ta seg av skipa i Voldsfjorden og ei avdeling skipa i Ørstafjorden.

Frå Dallacky i Skottland vart elleve fly av typen Bristol Beaufighter frå 455 RAAFskvadron (Australia) og fem fly frå 489 RNZAF skvadron (New Zealand) gjorde klare med rakettar og kanonar. Desse flya var øyremerkte for angrepet i Ørstafjorden. Ved basen i Banff vart trettitre fly av typen Mosquito gjorde klare på same måten, øyremerkte for angrep i Voldsfjorden. Etter at rekognoseringsflyet frå Banff hadde returnert med foto av Ørstafjorden og Voldsfjorden, vart flya starta opp. Mosquitoane frå Banff tok av mellom kl. 1148 og kl 1201. Beafighterane frå Dallacky tok av mellom kl. 1211 og 1215. Då desse flya ikkje hadde same farten som mosquitoane, tok denne angrepsbølga lenger tid over Nordsjøen.

Angrepet i gang

Klokka 1407 nådde flya Ytterøyane, og 1428 starta angrepet i Ørstafjorden. Då var flyalarmen allereie gått, då dei trettitre Mosquitoane hadde vorte observerte over Voldsfjorden. Eit stort skip på mellom sekstusen og titusen tonn låg då inst i Straumshamn og var umogeleg å angripe. Difor snudde desse flya og flaug tilbake til Svelgen der dei hadde observert to konvoiar for anker (dette angrepet er godt dokumentert med film, då eit fly frå RAF Film Unit fylgde angrepet. Denne filmen er tilgjengeleg på nett).

Alle skipa i Ørstafjorden var no klare til kamp, og «Geuse» låg mellom Skorgeura og Sørheim med kanonløpa peikande utover fjorden då dei venta at angrepet ville komme den vegen. Ein del av skuleborna ved Velle skule var no på veg heim, og elevane frå Rystene hamna midt i eldmørja, skulle det vise seg.

Leiaren for angrepet, squadron leader Pilscher, leia sin sveit på tre fly i angrepet innover fjorden. Desse flya kom inn over Eidheimsbakkane, flaug vidare mot Nivane for å unngå eld frå VP 6805 «Geuse». Frå Nivane angreip dei så «Albert Janus» i Osfjøra med kanonar og rakettar. I første flyet var Pilscher (pilot) og S. Drinkwater (navigatør), deretter kom dei to andre i sveiten tett etter.

Då var fleire av elevane frå Velle skule komne til Ose. Dei søkte tilflukt i veggrøftene der dei låg til angrepet var over. Film frå desse første flya viste at «Albert Janus» fekk fleire treff spesielt frå fly nummer to.

Neil Smith

Den andre sveiten vart ført av Neil Smith (pilot) med R. Jones (navigatør). Han hadde med seg to fly førte av Bill Herbert (pilot) med Bill Tucker (navigatør), og James Hakewill (pilot) med Frederic Sides (navigatør). Då denne sveiten var i høgde omtrent med Lidaveten, fekk Neil Smith full oversikt over situasjonen i fjorden. Han bestemte seg då raskt for å flyge inn Voldsfjorden, over Volda og rundt Melshornet.

Då var Pilscher og hans to fly ferdige med rakettangrepet og hadde floge framover Åmdalen, der dei var i ferd med å snu for å angripe utover fjorden med maskinkanonane. I høgde med Volda sentrum fekk Neil Smith forespørsel frå ein av outridarane som hadde hatt ein sveip innover Lillebotnen om ikkje han også kunne få delta i angrepet. Neil aksepterte, men no gjekk ting veldig fort. Outridaren (speidarfly) flaug direkte på målet som var «Albert Janus», deretter flaug han ut på nordsida av fjorden og gjorde seg klar til å angripe «Geuse» som no låg litt nærare Sørheim.

Samstundes angreip Neil Smith som førstemann «Albert Janus» med Bill Herbert over og bak til venstre for seg. Hakewill var lågare og litt til høgre og bak Neil Smith. Alle desse tre flya braut skarpt til høgre etter at dei hadde treft «Albert Janus» med fleire rakettar. Neil Smith gav då ordre om å angripe VP 6805 «Geuse» med maskinkanonane. Dette var då den farlegaste trusselen mot flya, difor måtte båten uskadeleggjerast. Guncamera-filmen (eit filmapparat i nasen på flya som vart aktivert av avtrekkaren til maskinkanonane og rakettane ved avfyring) som Neil Smith tok i angrepet, viser sterk motstand frå «Geuse», sporlysa møter flyet på begge sider.

Trefte kameraten

Men då er det outridaren ført av R. Dunn med Blackshaw som navigatør viser seg. I svært låg høgde kjem flyet i sving frå ca. Lianeset og fyrer av maskinkanonane mot «Geuse» utan at Neil Smith legg merke til han. Neil hadde kurs mot «Geuse» i retning frå Lystad skule. Det skulle gå vel førti år før Neil Smith fekk sjå sin eigen film og flyet som flaug inn i kulestraumen hans og vart sterkt skadd. Outridaren Dunn var sikker på at skaden på hans fly var forårsaka av «Geuse». Og det var etter førti år at Neil Smith fekk ein nagande følelse av at han hadde skote ned trearen sin i sveiten, James Hakewill.

Outridaren flaug over Selbervika og mot der Hovden flyplass no ligg, og sette kursen heimover. Neil Smith gav full gass på sine to motorar og flaug svært lågt over Eidheimsbakkane (han sa til meg då då han vitja Ørsta i 2001 at dersom dei tre-fire grantrea som står i steingarden hadde vore der i 1944 så hadde han aldri kome seg over).

Bill Herbert såg då at Hakewill sitt fly vart treft i høgre motor av ein granat og styrta i sjøen. Han hadde si fulle hyre med å svinge skarpt til høgre over Sørheim. I tretopphøgde flaug han rundt Steinnes og Bjerknes. Den tyske festninga på Bjerkneset skaut frenetisk etter han med antiluftskyts utan å treffe. Samstundes kom Pilscher med sin sveit nedover dalen og skaut på den allereie dødsdømde «Albert Janus» med maskinkanonar. Deretter steig desse flya mot Nivane igjen. Etter kvart låg leiaren i området rundt Saudehornet/Vallahornet og fekk oversik over situasjonen i fjorden. Her tok navigatøren hans fleire bilete for å dokumentere effektane av angrepet på «Albert Janus».

Neil Smith og Bill Herbert flaug så utover Stadlandet og mot Skottland. Neil Smith hevda i rapportane at dei på vegen hadde vorte tatt under eld frå festninga på Rugsund ved Måløy, men etter det han skriv om posisjonen, så er det ei av festningane på Stad som har opna eld.

Ny angrepsbylgje

No er det flya frå RNZAF 489 squadron kjem inn over/ved sida av Lidaveten ytst i Ørstafjorden. Flight officer A. Carr leia desse fem flya, og han fekk oversikt over situasjonen ved Sørheim/Selbervika. Han registrerte at no var «Dockenhunden» på full fart på veg ut frå ankerplassen utanfor Selbervika med kurs ut fjorden, noko som sannsynlegvis berga dette skipet.

Utanfor Sørheim låg den hardt skadde «Geuse» og brann, medan drivstoff frå flyet til Hakewill brann i sjøen bak dei. Flyet hadde då sokke. Etter ein rask runde over Steinnes/Lianseset gjekk dei fem new zealandske flya til angrep på «Radbod» utanfor Selbervika. Flya flaug parallelt med Søreheimstranda, opna eld med maskinkanonane og sende så rakettane av garde. «Radbod» blei raskt treft av rakettane og byrja å søkke.

Flya flaug så over Sebervika, og minst to av dei flaug over Digernes i låg høgde. Der stod ungguten Erling Pilskog og såg dei brølande flya kome lågt over seg over Digernesbakkane. Der opna dei eld med maskinkanonane mot «Albert Janus» som brann i Osfjøra. Under angrepet på Radbod blei det skote tilbake med eit våpen (sannsynlegvis 20 mm kanonen bakarst på båten, dette er det einaste skytset vi har funne under dykking på skipet).

Flyet trefte båten

No var «Geuse» sett ut av spel etter angrepet frå Hakewill. Hakewill sitt fly vart treft av ein 37 mm granat i høgre motor, noko som etter alt å døme også skadde Hakewill. Sides hoppa ut i fallskjerm rett vest for Klubben utanfor Digernes, medan Hakewill flaug rett mot «Geuse» medan han skaut med maskinkanonane mot båten Til slutt trefte flyet «Geuse» slik at venstre vengen feia hovudskytset på sjøen, og ein av propellvengane frå høgre motoren sat fast i brua på «Geuse» medan flyet styrta i sjøen rett ved sida av båten, ca 20 meter frå skutesida. No var overbygningen og brua på «Geuse» fullstendig sundskotne.

Om bord utspelte det seg forferdelege scener med døde og såra tyske sjømenn, noko matrosen Kurt Heinowicz skildra i eit brev til Krigshistorisk foreining i Ålesund i 2006.

I prame for å hjelpe

Ved Lystad skule stod Sverre Hagen og såg på angrepet. Han såg at Sides hoppa ut av det skadde flyet i fallskjerm. Sverre sprang då så fort han kunne den korte vegen ned i fjøra, drog ut ei prame og fossrodde mot staden der fallskjermen hadde landa. Dette gjorde han medan dei fem flya frå New Zealand var i gang med angrepet på «Radbod». Det var framleis flyaktivitet i området også frå dei resterande australske flya. Sverre fann skjermen i sjøen, men Sides var ikkje spent fast i selen. Han hadde vorte løyst ut frå seletøyet, sannsynlegvis i møtet med sjøen og var dermed omkomen. Sverre tok med seg fallskjermen, rodde til land og gøymde skjermen godt.

Matrosen Kurt Heinowicz om bord i «Geuse» fortel at dei hadde tidleg, «gegen Mittag», observert rekognoseringsflyet som kom i stor høgde over fjorden, og allereie då gjorde mannskapet seg klar til strid. Ammunisjon vart bore fram og kanonane ladde. Etter det eg ser på biletet av «Geuse», var hovudskytset to 37 mm kanonar. Skyttaren på denne var ein matros som heitte Heinelt og var frå Sudetenland. I tillegg var det to 20 mm kanonar på bruvengene og ein 20 mm kanon bak på båten.

I bataljen med Hakewill vart skytsa på baugen og på brua øydelagde. Berre siste 20 mm kanonen bak på skipet var uskadd, men dei hadde ikkje folk til å bruke han. Kurt Heinowicz skriv i brevet til Krigshistorisk gruppe ved Ålesund museum; «Ein zweiter angriff hätten wir kaum überlebt, nur noch ein geshütz achtern war vorhanden». Heinelt hadde skote to skot med hovudskytset, det første bomma, det andre trefte høgre motor; «..den zweiten shoss er genau in die Propellernabe..», skriv Kurt Heinowicz i brevet. (Motoren er utstilt ved sida av minnesteinen på Lianeset, og vi ser skaden av skotet på motoren).

Hjelpekorps og sjukehus

Kurt Heinowicz stod på dekk under angrepet og såg flyet til Hakewill kome rett mot seg med sprutande sporlyskuler kvinande rundt seg. Han fekk ein granatsplint i ryggen og lét seg falle ned i fyrrommet for å berge seg. Der trefte han ei slags trekiste med ryggen. Trekista vart knust og tresplintar trengde inn i ryggen hans. Men han var i live. Heinowicz skildrar også i detalj skadane til dei såra og døde kameratane om bord i båten.

Ni matrosar var døde og mange stygt såra, dei døde vart lempa på land ved kaia i Ørsta litt seinare, og dei såra vart frakta til sjukehuset i Volda, på lastebilar. Ifylgje Kurt var det upåklageleg pleie dei fekk der. Dette vart også eldprøva til det nystarta Hjelpekorpset i Ørsta.

Etter kvart drog alle flya tilbake til Skottland der dei landa mellom klokka 1655 og 1710. Men to av flya vart skadde i angrepet. Eit av desse flya med piloten A. Winter og navigatøren C. Dunshea naudlanda i Nordsjøen. Etter ei kald natt i gummibåt vart mannskapet berga av eit sjøfly frå Shetland. Det andre skadde flyet naudlada rett ved flyplassen på Sumburg Hill på Shetland, også her var mannskapet Dunn og Blackshaw uskadde.

Angrepet i Ørstafjorden vart ein suksess, to dyrebare handelsskip med last vart søkkte, eit eskorteskip øydelagt og vart sett på slipp i fleire månader etterpå. Men ei viktig erfaring vart delt med alle shipbusters-skvadronane som opererte på norskekysten: Angrepa kom etter dette i hovudsak til å kome innanfrå land og ut fjordane, noko som forvirra tyskarane og hindra motstanden.

Etterord

James Austin Hakewill ofra seg sjølv for å sette «Geuse» ut av spel. Dette førte til at då new zealendarane angreip, møtte dei ingen motstand, og kunne søkkje «Radbod» meir eller mindre uhindra. For dette er Hakewill i 2016, post mortem, innstilt til den høgaste britiske utmerkinga «Victoria Cross». I februar 2017 skal dette avgjerast, men dei australske initiativtakarane er optimistar.

Eg har samla stoff om dette angrepet sidan 1984, og etter kvart har det dukka opp film, bilete, faktisk heilt til no i desember 2016! Eg har brevveksla med deltakarar frå Australia, og hatt kontakt med forsvarsdepartementa i New Zealand og Australia. Sverre Hagen var ein døropnar til opplysningane sett frå Ørsta, men også fleire andre tidsvitne har fortalt om korleis dei opplevde krigshandlingane.

Mest hjelp gav piloten Neil Smith då han ved to høve vitja Ørsta. Eg fekk sitje saman med han og den norske flygaren Lauritz Humlen på hotellrommet på Viking og høyre desse karane diskutere og blade i loggbøkene sine frå krigen. Neil Smith spurde seg sjølv og meg fleire gonger: «What did the New Zealanders do there?» Han hadde ikkje sett dei. Og når det no dukka opp skvadronrapportar, bilete og andre opplysningar, fekk eg eit komplett bilete av angrepet. I tillegg skriv den tyske matrosen Kurt Heinowicz levande om sine opplevingar som tysk sjømann i feil ende av kanonløpa.

Ei vitjing til minnesteinen over Hakewill og Sides på Lianeset er verdt turen. Der kan ein også sjå den høgre motoren som har skadar etter treffen frå «Geuse». Kvar 17. mai vert det halde minnestund over desse tapre australske militære, som kom heile vegen frå «down under» for å kjempe for vår fridom og vårt demokrati. «Lest we forget» står det på minnesteinen!