Norangsfjorden, Norangsdalen og Øye har danna kulissar for fleire filmar dei siste åra, ikkje minst storfilmen «Bølgen» frå 2015.

Tidlegare i år vart filmen «Det norske hus» spelt inn på Hotel Union Øye og i Norangsdalen.

Filmen er regissert av Jan Vardøen, og skodespelarar som Hege Schøyen, Gard Bjørnstjerne Eidsvold og Knut Nærum. Den politiske satiren følger Ramin, ein mann fra Midtøsten, som kjem syklande over grensa til Noreg. Han kjem til eit akademi, der han skal lære å bli norsk gjennom ei rekkje kulturprøver. Ramin blir spelt av Shahrukh Kavousi.

No er filmen snart klar for kinolerettet. Det blir premiere i februar neste år, men du kan sjå traileren allereie no.

Sjå traileren til filmen i vindauget øvst i saka.