Ørstingen Ragnhild Halsen blar gjennom eit utkast til si nye og aller første diktbok «Livet er ingen draum». Små dikt om livet fyller sidene, fargerikt illustrert av Marit Digernes frå Stord.

Det starta som ein anonym Twitter-konto i fjor vinter. Halsen jobbar som bibliotekar ved Høgskulen i Volda, og er omgitt av faglitteratur på alle kantar.

– Det er spennande nok det, men eg hadde behov for å få spelt ut mine kreative sider også. Eg har alltid likt å skrive, men dei siste åra har det vore nok å styre med, med jobb og familie. No når døtrene er tenåringar har eg funne tid att, fortel ho.

På Twitter er der ei grense på 140 teikn for dei som skal publisere noko. Dette passa Ragnhild Halsen perfekt. Gjennom det siste året har ho publisert sine små «skriverier», som ho kallar det, jamt og trutt, der målet har vore å fortelje mest mogleg med færrast mogleg ord.

– Det var trygt å gøyme seg bak ein anonym konto. Så byrja eg å få så mange gode tilbakemeldingar på det eg skreiv. Fleire oppmoda meg om å samle dikta og publisere dei. Hadde det ikkje vore for alle dei gode tilbakemeldingane er eg usikker på om eg hadde tort å gjere det. Men no er det gjort, og det er utruleg spennande.

«Livet er ingen draum» kjem ut på Publica bok, og er lova å vere Ragnhild Halsen i hende i løpet av dei første dagane av desember. Opplaget er på 500 bøker.

– Det er ei ny verd som har opna seg for meg etter at eg starta på dette prosjektet. Eg har kome i kontakt med og vorte kjend med utruleg mange fine folk som driv på med det same som meg.

Som tittelen gir eit vink om, handlar tematikken i dikta om forholdet mellom liv og draum.

– Eg ønskte å skrive noko som andre kan kjenne seg att i, skape bilde og få fram stemningar. Mange av oss lever eit hektisk kvardagsliv med lite tid til refleksjon. Av og til kan det vere godt å lene seg tilbake og la tankane flyge, og utforske dei ulike overgangane mellom eit levd liv, draum og fantasi. Slik sett håper eg at dikta mine kan vere med på å opne opp noko i folk, sleppe inn litt frisk luft i dei romma som ikkje er i dagleg bruk.

16. desember er det planlagt sleppfest for diktbokdebutanten på folkebiblioteket i Volda.

Englevatn: Utdrag frå boka. Marit Digernes frå Stord har laga 19 illustrasjonar til dei 70 dikta.