Fredag opna utstillinga med Ingeborg Lystad (88) og Ståle Aklestad (36).

Dei har fått kvar si etasje. I fyrste etasje stiller Ingeborg Lystad ut sine bilete. At ho vart valt til kunstnar på jubileumsutstillinga var ikkje tilfeldig. Ho har eit langt liv bak seg med kunst, og ikkje minst i Ørsta kunstlag.

Aklestad stiller ut sine naturfotografi i andre etasje, og medan Lystad har erfaring frå utstillingar, er dette den fyrste utstillinga Aklestad deltek på lokalt.

– Ingeborg Lystad og Ståle Johan Aklestad er svært ulike i alder, teknikk og uttrykksform, noko som gjer utstillinga spennande og spenstig, sa representanten for Volda og Ørsta kunstlag, Anne Ellingsen, då utstillinga vart opna.

I år er det 75 år sidan Ørsta Kunstlag vart skipa, og i 2017 er det 80 år sidan Volda Kunstlag, som det første kunstlaget på landsbygda, vart danna.

– I januar 2013 vart dei to laga slegne saman til Volda og Ørsta Kunstlag. Kunst og kunstformidling har med andre ord ein lang og stolt tradisjon i dei to kommunane våre, og dette blir no markert med jubileumsutstilling og jubileumsgjestebod på Kunsthuset i Ørsta, fortalde Ellingsen.

Ståle Aklestad er frå Sæbø, utdanna teolog og ordinert prest. Han har tidlegare i år hatt fotografiutstilling i Molde.

Namnet på utstillinga hans er «Linjer». Eit gjennomgåande tema i fotografia er det vesle mennesket i det store landskapet. «Linjer» er eit forsøk på å uttrykkje det tidlause og evige i landskapet, der mennesket berre er ein liten prikk. Samstundes påverkar mennesket heile biletet med nærværet sitt. – Det er spennande å delta her. Eg likar å vise bileta fram i svart/kvitt, for eg synest eg betre får fram det grafiske uttrykket då, seier Aklestad.

Jubileumsutstillinga vil henge oppe til 6. november.

– Volda og Ørsta Kunstlag håper at mange vil besøke utstillinga dei komande vekene, og oppleve glede, inspirasjon og undring i møte med kunsten, seier Ellingsen.

Under opninga underheldt også Lystad sitt barnebarn, Marit Lystad Johansen.