I 2015 var totalbesøket ved alle folkebiblioteka i Møre og Romsdal på over 825.000, ein auke på 0,5 prosent frå 2014.

I snitt besøkte kvar innbyggar folkebiblioteket meir enn tre gongar i løpet av året. Det gjer folkebiblioteket til den mest besøkte kulturinstitusjonen i fylket, kjem det fram i årsstatistikken frå Møre og Romsdal fylkeskommune.Folkebiblioteket har framleis ein viktig funksjon som sosial møteplass, og som lærings- og kulturarena. Sidan 2010 har talet på frammøtte ved kulturarrangement i folkebibliotekregi auka frå 13.000 til 21.000 i 2015. I alt var det 735 kulturarrangement i folkebiblioteka i 2015, og flest var det ved Ålesund bibliotek med 134 arrangement. Størst frammøte var det ved Molde bibliotek, med totalt 3 500 frammøtte på ulike kulturarrangement.

Folkebiblioteka gir viktige kulturtilbod til barn. I 2015 var 364, eller nesten 50 prosent av alle kulturarrangementa i folkebiblioteka for barn. Av 281 utstillingar arrangert i folkebiblioteka same år, var over 50 prosent tilbod til barn.Det er eit omfattande samarbeid mellom skule og folkebibliotek om lesing og leselyst. I alt hadde folkebiblioteka 1.403 klassebesøk og 36.700 frammøtte i 2015. Det er dei små folkebiblioteka som kan vise til flest klassebesøk og flest frammøtte.

Sandøy bibliotek hadde heile 200 klassebesøk i 2015, følgt av Skodje bibliotek og Stordal bibliotek. Rindal folkebibliotek hadde desidert flest besøkande med 13.500 frammøtte, følgt av Skodje bibliotek og Sandøy bibliotek.

Brukaropplæring er eit viktig tilbod i folkebiblioteka. I alt vart det halde 283 kurs med 3.127 frammøtte ved 27 folkebibliotek i fylket i 2015. Av desse kursa, var 193 gitt til barn og unge. I samarbeid med skulane gav 17 folkebibliotek opplæring i bibliotekkunnskap til barn og unge, og i kjeldekritikk og informasjonssøking. Sande bibliotek toppar statstikken med 50 kurs for barn og unge, følgt av Vanylven folkebibliotek og Sandøy bibliotek.

Ørsta og Volda

Ved Ørsta folkebibliotek var det 30.052 besøkande i 2015. For Volda var talet 26.500.

Ørsta hadde 56 klassebesøk med totalt 1.094 frammøtte. Volda hadde fem klassebesøk med 109 frammøtte.Det vart halde 21 kulturarrangement i Ørsta, der 14 av dei var for barn. Her møtte det totalt 710 gjester. I Volda heldt dei ni kulturarrangement, der to var for barn, med totalt 176 frammøtte.Ørsta hadde 24 utstillingar, 12 for barn. Volda hadde ei utstilling.