– Vi skal feire oss sjølve og livet, seier Svein Hunnes, og følgjer opp med ein munter latter.

Medlemene i Red Roosters Blues Band tek kanskje ikkje seg sjølve så veldig alvorleg, men musikken kimsar dei ikkje av. Størst applaus har dei likevel fått då dei fekk spørsmål frå publikum om å spele ein Vassendgutane-låt.

– Folk gjekk heilt av skaftet på dansegolvet, mimrar Hunnes.

Men det er ikkje der hjartet deira ligg. Bluesen har følgt dei sidan ungdomsåra.

– Det var ikkje så mange som likte blues. Det var liksom berre oss.

Sidan har kjærleiken deira for blues også smitta over på andre, etter at dei i 2006 slo ein slutt i det, og starta sitt eige bluesband. Sidan har dei turnert Nordvestlandet, med utvalde blueslåtar frå favorittane sine. Inspirasjonen hentar dei frå ei så lang liste med artistar at det ikkje er verdt å starte ei oppramsing. Det vil ta for stor spalteplass.Det er på dei små scenene dei har spelt.

– Vi likar oss helst der folk forstår kva vi seier. Det som vert sagt mellom låtane er minst like viktig som sjølve musikken, meiner Stein Hjelle.

Ein og annan stortur har det likevel vorte, som då dei reiste til Hamburg for å spele på Europas største shippingmesse. Slike ting veit musikarar å setje pris på, sjølv om heimepublikummet ligg hjartet nærast. Der har vore nokre høgdepunkt.

– Som då vi ikkje rakk ferja etter speleoppdrag i Ålesund, seier Hunnes.

– Eller den gongen vi faktisk rakk ferja, men ikkje hadde pengar, seier Hjelle.

Og så ler dei høgt begge to.

– Eller den gongen vi var på speleoppdrag, og Jan Åge Fjørtoft var konferansier, men vi ikkje orka å helse på han fordi han knota slik med dialekta. Eller då vi ikkje fekk betalt den gongen vi spelte saman med Åge Aleksandersen.

– Høgdepunkt? spør ein undrande journalist.

– Ja, små høgdepunkt. Slike ting vi huskar. Slik er livet på vegane. Men tilbake til starten.

Svein Hunnes meiner bestemt at det var snakk om ein torsdags ettermiddag, ein gong på seinsommaren i 2006. Med fint vêr.

– Det var på den tida det var så populært å starte opp og vere med i ulike klubbar. Vi tenkte at vi ikkje skulle vere noko dårlegare, og vurderte å starte vinklubb. Det hadde vel vorte ein brennevinsklubb det, kanskje. Men så fann vi ut at det var betre å berre starte eit bluesband. Sidan har vi øvd kvar måndag. Slik sett skal vi kanskje vere glade for at det ikkje var vinklubb vi starta, med tanke på kor hyppig vi har møttest.

Svein Hunnes ler igjen. Det er god stemning i bandet, som er sett saman av Hunnes, Hjelle, Vebjørn Vestre, Per Arne Brandal og Jostein Runde.

– Tenk at det har gått ti år, seier Stein Hjelle stille. Så samlar han seg igjen. Det er ikkje tida «to have the blues», som dei seier på fagspråket. Feiring og jubileum er svære greier. Neste laurdag vert det storfeiring i storstova på Porse, med inviterte gjestar og musikarar, og sjølvsagt også med opne dører for mannen i gata.

– Det vert livemusikk, sjølvsagt. Vi skal spele, men har også invitert med oss band og musikarar som vi også håper vil bidra til at det vert ein stor musikalsk heilaftan, som vi håper mange vil få med seg.

Det har vore jamt med speleoppdrag alle ti åra, og bandet har ingen planar om å legge bluesen på hylla med det første. Så lenge dei får lyd i instrumenta sine, er det håp, som dei seier. Elles får dei berre lære seg noko nytt, som då Stein Hjelle gjekk over til å spele orgel, då han fekk problem med å fingrane når han skulle spele gitar.

– Men tilbake til desse høgdepunkta då. Vi har jo gitt ut nokre album også. To eigne og eitt saman med Odd Goksøyr. Så har vi det fjerde på veg. Vi må vel seie at det har vore nokre høgdepunkt det også. Det er det ikkje mange bluesband som har gjort før oss.