La oss spikre det fast med ein gong. Og det er den nedsløva teknikaren Lennart frå Nordøyane som er mannen bak løddebølt og andre treffande uttrykk i Thomas Ryste sitt nye show «Med Prostata mot stjernene» som hadde premiere på Ørsta kulturhus fredag.

Der var det fullt hus med ståande applaus, også på laurdag, i eit Klypa-show som verkeleg har teke steget opp i toppen av norsk scenehumor. Meir profesjonelt i alle ledd, og eit manus med ein raud tråd full av poeng. Du skal vere ein skikkeleg tørrpinne dersom du ikkje opnar latterdøra for det nye Klypa-showet der Kjell Kjellen Bigset spelar hovudrolle med stor S, og der komikar Thomas Ryste også kler seg i den nye figuren Lennart, i tillegg til den harmlause rånaren Palle.

Også Lennart er ein figur det er lett å like, ein herleg innertiar. Denne mannen, som neppe har medlemskap i Mensa, dukkar opp både på video og på scena, der han skal skifte lyspære. Og altså treng ein løddebølt, eller loddebolt.

Frukter

Det går ikkje lenge før publikum får ei stadfesting på at Klypa-humoren er som han brukar: «Ho e så fin at ej kunne ha drukke morgonpisset hennar». «Det brusar i pungen», seier Kjellen i starten av showet då han får telefon frå kjærasten som berre vil høyre stemma hans. Også Lennart plantar plenty av gullkorn på Kjellen: «Veit du ka som e teikn på eit seriøst forhold? At de he fese i lag».

Vi møter ei ny side av Kjellen: den mjuke mannen som har oppdaga dei gode samtalane mellom ei kvinne og han, og som med kjærasten har tent så mange stearinlys på kosekveldar at det har vorte hol i ozonlaget.

Og så gjer Kjellen det han kan for å riste av seg temperamentet. Nyedama, med sansen for det moderne liv, er terapeut innan sinnemeistring og har lært Kjellen teknikkar for å halde seg i skinnet. Då det byrjar å koke i Kjellen, tek han fram teknikkane for å roe seg.

Showet tek oss også med til Spania, og Kjellen si syster, som han oppsøkjer for å gravleggje ein strid om ein båtmotor. Og der i solfylte «Spanien» dukkar Palle opp i eit klesskap, med antrekk for dei over atten med sans for spesiell moro på soverommet.

Kjellen sitt oppgjer med det moderne liv byr, ikkje overraskande, på utfordringar. Kjellen innser til slutt at han er den han er, og at han ikkje vil endre seg.

Det er tydeleg at samarbeidet med humorist Ørjan Liavåg har bore frukter for Klypa-konseptet. Det nye Klypa- showet er profesjonelt til fingerspissane med ein hovudperson i Thomas Ryste som nok ein gong viser at han er i eliteserien innan scenehumor der han også syng som ein konge. Dette showet, som er det beste frå Klypa, fortener stor merksemd. Og det vil det få. Aldri før har konseptet med standup, videoar og songar fungert betre.

Skjermen

Kjære dykk som lagar humor-fjernsyn i Noreg, og som gong etter gong satsar på dei same, oppbrukte figurane: Få Klypa på skjermen. Gjerne med ein løddebølt!