– Låten «Start all over again» handlar om å starte på nytt når alt går skeis, fortel 35-åringen.

Lystad Johansen har med den nye låten, som laurdag vert lagt ut på digitale plattformer, gitt ut i alt sju sjølvlaga låtar. Fem av songane kom på ein EP, og i mai kom den sjette.

Her finn du låten: Spotify

– Den nye låten er meir countryrock-prega enn før. Tidlegare låtar har vore meir dystre, denne er meir klassisk. Eg vonar han i større grad enn før kan appellere til dei unge., seier Lystad Johansen som er fotograf i det daglege.

Ho har som vanleg skrive tekst og melodi, medan ektefellen, Hans-Christian Humberset, spelar alle instrument, bortsett frå fele. han har også produsert og arrangert låten i heimestudioet i Mjelkevegen i Rystefeltet.

– Mannen min er ein fin sparring-partner som kjem med konstruktive og gode innspel, seier Lystad Johansen.Ho er ei produktiv dame. >No jobbar ho fram ei CD-palte som kjem i løpet av neste år.Ho synest det er givande og spennande å sleppe låtar. No vonar ho på radiospeling. På webradioen Ordentlig Radio vert låtar av henne spela jamt og trutt.

– Det er kjekt å skrive somngar. Eg ønskjer at folk skal høyre dei, men det er vanskeleg å kome inn på NRK sine spelelister, erfarer marit.i dag, laurdag, held og ektefellen ein minikonsert på Ørsta Torg.

– Alle er velkomne for å høyre oss, oppmodar vokalisten.