Dagsrevyens tidlegare ankermann og Afrika-korrespondent, Einar Lunde, kjem til Ørsta kulturhus torsdag 1. september der han tek med forsamlinga på eit særs spennande oppdrag for Dagsrevyen, og der han involverer publikum.

– Eg inviterer forsamlinga på eit ekstremt utfordrande, dels livstrugande oppdrag krydra med mykje humor og mange overraskingar under vegs, fortel Lunde til Møre-Nytt.

– Det handlar om eit motivasjonsforedrag der det er viktig å definere mål, vere kreativ og finne løysingar – og forsøke å gjere noko ein aldri har gjort før for å nå målet. Alle har sett Dagsrevyen, men dei færraste har vore med på oppdrag for Dagsrevyen. Publikum får også tildelt ei rolle i dette, seier Lunde.

Han fortel at han gler seg veldig til å kome til Ørsta, og han kan love publikum ein spennande kveld.

Foredraget sin bodskap er at ein kan nå måla i livet berre ein aldri gir opp.

– Under vegs mot målet kan ein møte ekstreme hindringar. Men gir ein aldri gi opp, kan det opne ei dør som gir håp, reflekterer den tidlegare NRK-profilen som har hausta stor suksess med foredraget mange stader.

– Det er kjempemoro når eg ser at folk har det moro og dei gir umiddelbar applaus og seinare kjem bort for å slå av ein prat om opplevinga deira. Eg brukar ikkje PowerPoint eller anna som forstyrrar. Her brukar vi fantasi og det indre fjernsynet, seier Lunde.

Det er snart seks år sidan han slutta i NRK etter 40 år som nyheitsanker i Dagsrevyen. Lunde er tidlegare NRKs Afrika-korrespondent og har besøkt Afrika over 80 gonger. I dag held han regelmessig forelesingar og framsyningar i Sør-Afrika om opplevingane sine som tidsvitne under Apartheid. Han er også konferanse- og debattleiar, og held framsyningar, foredrag og kåseri og er reiseleiar i Sør-Afrika og Tanzania-Zanzibar. Travle dagar altså for pensjonisten som framleis held kontakta med NRK-kollegaene.

– Eg klipper meg fast i NRK si sminkeavdeling. Og då møter eg tidlegare kollegaer, smiler han.