Det seier Ørsta-artisten Stig Ulvestad, eller Stig Ulv som er artistnamnet.

Torsdag lanserte han filmen «Ein einsam ulv» på YouTube, ein film som er laga av Roger Oldeide i Trifo Media. Filmen viser kva Stig står for som artist.

Sjå filmen øvst i saka.

Står inne for filmen

– Eg såg filmen han laga om Vassendgutane, og tok kontakt. Oldeide fekk frie tøylar, og han har laga ein film som viser kven eg er. Eg står heilt inne for denne filmen, seier Ulvestad.

Lanseringa av filmen er også starten på haustsesongen for Stig Ulv. Han startar konsertsesongen med ein konsert på Urke kaihus laurdag. Det er ikkje tilfeldig.

– Mykje av filmen er spelt inn i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø, og eg ynskte å kunne starte konsertsesongen med ein konsert i Hjørundfjorden. Dessutan har eg komponert ei ny låt som eg skal spele på Urke. Komposisjonen heiter «Perla», og vart laga medan eg var på ein båt i samband med eit firmaoppdrag rett utanfor Urke. Båten heitte «Perla Oline», og då heiter sjølvsagt låten «Perla», fortel Stig.

Einsam

Å vere åleine på vegen kan vere einsamt. Stig vedgår det.

– Det å køyre sju timar til ein konsert, rigge opp, spele konserten, rigge ned, og køyre sju timar heim åleine, kan verke einsamt. På ein slik tur gler eg meg å kome til konserten, og så gler eg meg til å kome heim. Tidlegare tenkte eg at ynskte å ha eit band, men hadde ikkje råd til det. No har eg vorte vand med å vere åleine, og det er slik eg vil ha det, seier Stig.

Stig syng ikkje til melodiane, og han veit at folk oppfattar låtane ulikt.

– Difor er det fint med filmen at eg får fortelje om korleis mine tolkingar er, og om filosofien bak låtane, fortel han.Han planlegg no ei ny plate til våren. Ho skal spelast inn i Ivar Aasen-tunet i januar, og lanseringa vert sjølvsagt i Aasen-tunet.

– Dette vert den fjerde plata mi, og for meg er det viktig heile tida å vere i utvikling. Kvar ny plate gjev eit nytt repertoar eg kan ha på konsertane mine, fortel Stig.

<strong>På landevegen:</strong> Stig Ulv reiser land og strand med gitarane sine.