Det seier Camila Furey og Ulises Palacio frå Cordoba i Argentina. I sommar har dei vore fleire veker på Bjørke, og vore innlosjerte hos Maria Nikkinen Saure og Torbjørn Saure Hoel.

– Dei er venner av oss, og vi kom for å vitje dei. Men så fekk vi høyre om Indiefjord, og var med der, og no skal vi også ha eit eige opplegg i Bakketunet, fortel dei to.

Ulises er musikar, medan Camila driv med yoga, og dei inviterer saman med Marita Bett Aakre til ein argentinsk dag i Bakketunet søndag.

– Det vert utandørs yoga, det vert konsert i grindløda, og det vert servert argentinsk mat, fortel Aakre. Ho meiner ei slik kulturutveksling høver svært inn i konseptet til Bakketunet.

– Vi har fått rydda grindløda i år til konsertscene, og det er spesielt å ha konsertar i landet sitt eldste daterte grindbygg, der det er material frå 1547, fortel Aakre.

Magisk

Camila og Ulises gler seg til hendinga. Dei var altså med på Indiefjord, og opplevde det som magisk.

– Det var meir spontant. Eg hadde yoga utandørs ved skuleområde, og fleire deltok, medan Ulises var med på ein konsert i Notanaustet, fortel Ulises.

Dei hadde planlagt ferie i Noreg denne sommaren, då dei har mange norske venner.

– Vi kom fyrst til Mandal, før vi tok turen hit til Bjørke, og vi skal avslutte med eit opphald i Stavanger. Heile tida har vi budd privat, og det har gjort denne ferien særmerkt. Ikkje berre har vi fått oppleve vakker natur, med havet og med fjordane og fjella. Men vi har også fått møte menneske, og fått innblikk i deira daglege gjeremål, anten det har vore arbeid i industrien, eller arbeid på ein gard. Det har vore eineståande, seier Ulises.

Han skal altså halde ein konsert i grindløda. Ulises er gitarist, og på repertoaret står mykje tradisjonell argentinsk musikk, både tango, og musikk henta frå folktradisjonen.

Når Camila inviterer til yoga, håper ho på godt ver, sjølv om meldingane ikkje er altfor gode.

– Men vi skal greie å få det til uansett. Yoga-seksjonen vil vare opp mot ein time, avhengig av kor mange folk som vert med, fortel ho.