Det viktige er sjangerblandinga og fokus på det intime, seier Karen Rosenberg Olsen, som saman med Audun Ellingsen og Torkjell Hovland arrangerer Sommarljom i Ørsta sentrum.Det er sjette året at Sommarljom vert arrangert, og festivalen er mogleg mykje takka vere arrangørane sitt nettverk.

– Vi hentar artistane frå nettverket vårt. Vi får musikarar vi kjenner og likar til å kome hit. Fokuset må vere på musikken, og dessutan at det skal vere intimt og nesten akustisk, fortel Rosenberg Olsen.

Arrangørane kjem frå ulike musikalske bakgrunnar. Rosenberg Olsen driv med klassisk musikk, medan Ellingsen og Hovland representerer ymse retningar i jazzen.– Fordi vi er musikkutøvarar sjølve, veit vi korleis det kan inspirere med ulike uttrykk, seier Rosenberg Olsen.

Dei håper Sommarljom også kan skape liv i eit elles sommarstille Ørsta.

– Dette er eit dugnadsprosjekt frå vår side. Støtte frå m.a. Norsk kulturråd og Norsk jazzforum i tillegg til støtte frå lokale aktørar gjer at vi kjem rundt økonomisk. Vert det pengar til overs, går dei til mat til artistane, seier Rosenberg Olsen med eit smil.

Laurdag er musikkverkstad for born i Vikegata og kveldskonsert i Ørsta kyrkje med m.a. Beady Belle.