– Eg kunne ha tenkt meg å ha kappa vekk noko av denne installasjonen, men det vert vel dyrt.

Skjemta Egil Olsen då han avslutta dag to av Sommarljom på Kunsthuset i Ørsta torsdag.

For scena på Kunsthuset er av det intime slaget, og musikarane må stå i mellom installasjonar som er utstilt i Kunsthuset som ein del av sommarutstillinga.

Husgitarist

Egil Olsen var i storform på konserten, der han spelte saman med Marius Graff, gitaristen som er som ein slags «artist in recidence» under Sommarljom. Han deltek på tre av dei fire konsertane under festivalen.

Egil Olsen deltok saman med bluegrassduoen Underhuset folkemusikk- og jazzgruppa «Solstikk».

Fyrst ute var Underhuset. Dette er ein duo med Karsten Lorents Klungsøyr på banjo, gitar og vokal og Elias Brosstad på kontrabass og vokal. Dei to er eigentleg frå Gausdal, men går på musikklina ved Volda vidaregåande skule.

Sjangerblanding

Dei spelte fengjande bluegrassmusikk, med både eigne låtar og coverversjonar.

Underhuset fekk opp stemninga blant dei om lag hundre frammøtte i eit fullsett konsertlokale.

Del to i konserten var med Solstikk. Gruppa består av Øystein Hovland – vokal, John Inge Leira Bjøringsøy – trøorgel og piano, Torkjell Hovland – kontrabass og Henrik Lødøen – trommer. Trøorgelet var for høvet lånt frå Åmås friskule.

Solstikk presenterte folkemusikk i ei jazzinnpakning, og eit lydhøyrt publikum likte det dei høyrde.

Ekstranummer

Det var altså Egil Olsen saman med Marius Graff som avslutta konserten, og det vart ein bolk med vare og nydelege Egil Olsen-viser i singer/songwriter-tradisjonen. Og sjølvsagt ispedd ein gode dose humor mellom låtane.

Publikum ville ha meir av Olsen, og han måtte ta eit ekstranummer før folk var nøgde.

Som fyrste dag av Sommarljom i naustet i Bogafjørda, vart konserten i Kunsthuset ein herleg miks av ymse sjangrar. Dette er Sommarljom sin store styrke, og får publikum til å opne alle sansar og ta inn alle inntrykka som kjem på desse intimkonsertane.

Sommarljom held fram med ny konsert i Kunsthuset fredag kveld, før festivalen vert avslutta med konsert i Ørsta kyrkje laurdag.