Møre Folkehøgskule er denne veka fylt med korpsmusikantar frå heile landet som deltek på den årlege sommarsamlinga til Norges Musikkorps forbund (NMF).

Sommarkurset i Ørsta har vorte ein årleg tradisjon, og det er i år femten år sidan kurset vart arrangert på Folkehøgskulen i Ørsta for første gong.

Kurset er for vaksne musikantar over skulekropsalder. Målet med kursa er at musikantane skal bli flinkare på instrumentet sitt, og å gi moglegheita til å spele i fellesskap med andre korpsmusikantar frå heile landet.

– Det har vore mykje øving i fellesskap desse dagane. Det som er så gøy med å spele i korps er at ein spelar med andre trass i alder. Å spele i korps er ein hobby for livet, i motsetning til andre hobbyar eller sportar der du må slutte etter kvart som kroppen eller forma vert for dårleg. Vi har hatt deltakarar heilt opp i 70 år, saman med deltakarar ned i 20-årsalderen under desse samlingane. Det er veldig kjekt, seier Jørgen Brecke, musikkonsulent i NMF Nordvest.

Utvida kurs

Nytt av året er at kurset vart delt inn i to. Frå 23.–26. juli deltok kring 30 musikantar på kurs i brassband, medan kring 50 musikantar frå torsdag 28.–31. juli er samla til samspelkurs i janitsjar.

– Dette har vi fått god tilbakemelding på frå deltakarane. Det handlar litt om smak og behag. Nokre føretrekker brass-besetning, medan andre liker best janitsjar. Denne delinga vert mest truleg neste år også, men det vil vere avhengig av påmelding, fortel Jørgen Brecke.

Held konsert

Måndag stilte brassbandet opp med konsert i Ørsta sentrum, og tysdag heldt dei konsert i gymsalen på Møre Folkehøgskule. Publikum fekk høyre tradisjonelle marsjar og korallar, i tillegg til innslag av populærmusikk, mellom anna «Den Finaste Eg Veit».

Komande laurdag held deltakarane i janitsjarkurset sommarkonsert i Vikegata, i høve Naturfestivalen.

<strong>Dirigent:</strong> John Philip Hannevik er dirigent for begge kursa.