Lovnaden arrangørane bak Musikk i sentrum kom med i fjor har heldt mål: dei vil også i år sørge for å lage til ein musikalsk festdag i Ørsta sentrum.

Arrangementet Musikk i sentrum er sett til laurdag 3. september. Fleire artistar er spikra, men arrangørane har eit stort ønskje om at så mange som mogleg skal ta del, og oppmodar dermed alle med ein draum om å spele på ei scene til å melde seg på til Musikk i sentrum første helga i september.

– Arrangementet vert som i fjor i Laguneparken i Ørsta, der paviljongen vert brukt som scene. Nokre artistar frå i fjor skal spele, men det vert også mange nye. Men vi ønskjer enno fleire! Kven som helst kan melde seg på, alle aldrar og alle sjangrar. Målet er at arrangementet skal vere med på å trygge yngre spesielt til å halde på med musikk, opplyser ein av arrangørane, Nils Dragnes.

Satsar større

Arrangementet vert noko større enn i fjor. Dei har sikra seg større telt og meir matservering. Talet på artistar er også auka og vil bli større etter kvart som folk melder seg på. Handballgruppa og fotballgruppa i Ørsta stiller opp til arrangementet. Dei vil stå for matservering, i tillegg til å lage til aktivitetar for dei minste.

– Dette er eit veldig positivt tiltak som fotballgruppa ønskjer å vere med på å støtte, seier leiar i Ørsta IL fotball, Arnstein Sandvik.

– Arrangementet vil vere gratis og folk kan kome og gå som dei vil utover dagen. Om dagen vert like godt motteke som i fjor er vi nøgde. Om det vert fint vêr er det ein stor bonus, fortel Magnus Stokke.

Nils Dragnes ønskjer å hylle den gode responsen og store dugnadsånda som gjer det mogleg for dei å arrangere:

– Responsen frå næringslivet har vore overveldande, og mange har vore svært gåvmilde for å støtte opp om arrangementet. Alt skjer på dugnad, så det er utruleg kjekt at alle er så positive til å hjelpe til.

Dei som ønskjer å bli med å spele i paviljongen denne dagen kan melde seg til Hans Robert Bondhus, opplyser Dragnes.

– Så er det berre å følgje med på Facebook-gruppa vår framover. Der vil vi sleppe artistar etter kvart som dei vert sikra. Det ryktast mellom anna at Baarelaget stiller, røper dei.