Fredag 16. september er det igjen klart for ein storkonsert på Folkestad kulturhus. Denne gongen med Odd Nordstoga.

– Vi er svært nøgde med nok ein gong å kunne presentere ein av dei største artistane i landet på kulturhuset på Folkestad. Med Odd Nordstoga i toppslag vert det ein konsert folk kjem seint til å gløyme.

Det lovar brørne Oddemann og Roy-Arne Folkestad i ei pressemelding.

Dette vert sjette året på rad dei arrangerer konsert i heimbygda på vestsida av Voldsfjorden. Tidlegare har dei hyra inn storkanonar som Jan Eggum, Ole Paus, Benny Borg, Olav Stedje, og i fjor Jo Nesbø. Alle konsertane har samla fulle hus, og suksessen har vore stor.

– Vi ser ingen grunn til at det ikkje skal bli nok ein festkveld i Folkestadbygda. Vi presenterer ein solokonsert med Odd Nordstoga, full av kjende låtar. Ein musikalsk kvalitetskveld for folk i alle aldrar, seier Folkestad-brørne.

Dei arrangerer etter konserten dans på same billett, og denne gongen er det Listen to the Band som spelar opp. Dei er eit resultat av reindyrka, gnistrande og smittande speleglede frå første til siste akkord. Bandet leverer dansemusikk av høg klasse og er svært populære. Folkestad-brørne kjem nok ein gong til å leige inn nattferje etter dansen, slik at alle skal kome seg trygt og lettvint heim over fjorden.

Plater

I 2004 slo Odd Nordstoga stort igjennom med plata Luring som ved hjelp av slageren «Kveldsong for deg og meg» selde heile 160.000 eksemplar. Etter dette kom plata Heim te mor med låtar som «Dagane» og «Frøken Franzen» omtrent på same tid som serien Jul i Svingen gjekk på NRK.

I oktober 2011 kom han ut med albumet Bestevenn, med fleire songar laga til eller inspirert av serien Vaffelhjarte på NRK. I mars 2013 vart Nordstoga plateaktuell med albumet Heimafrå. Albumet er laga saman med sambygdingen Ingebjørg Bratland som eit folkemusikkprosjekt, med songar som tek utgangspunkt i heimstaden Vinje.

Sidan har suksessen auka, og Nordstoga kan vise til ei rekkje spellemannsprisar.

Den siste plata til Nordstoga heiter Dette landet, og kom i fjor haust.

– Vi har som vanleg berre 300 billettar for sal til konserten. Om kort tid vil vi leggje dei ut, både på Tikkio der ein kan kjøpe billett på mobil, og gjennom ordinært sal, seier arrangørane Oddemann og Roy-Arne Folkestad som gler seg til haustens storhending i Folkestadbygda.

Vi ser ingen grunn til at det ikkje skal bli nok ein festkveld i Folkestadbygda

<strong>Førre konsert:</strong> Jo Nesbø spelte på Folkestad i fjor. Frå Venstre: Lars Jones, Roy Arne Folkestad, Oddemann Folkestad og Jo Nesbø.