MS Lykken vart heidra for beste bevarte motor og teknisk innretning, og der det er sentralt at båten har ein original Volda-motor. Juryen skriv: «Her var det fleire kandidatar, og det var ein god diskusjon i juryen. Prismottakaren står fram som original mht. motor, styring, elektrisk utrusting og innreiing.

Fartyet er bygt i 1939. Brukt til motstandsarbeid under i 2. verdskrig og vart forsøkt søkkt. Fartyet vart berga etter at det dreiv på land ved Musvær i Troms. Vart forlenga i 1945. Hadde heimehamn i Øksnes frå 1939 til 1954. Frå 1954 til 1993 hadde fartøyet heimehamn i Vestre Jakobselv i Finnmark, og vart overteke av Øksnes Kystlag i 1993. Den originale 22 HK Volda semidiesel, vart i 1995 skifta med ein identisk motor. Fartyet gjennomgjekk ein total restaurering i 2008. Fartyet er i dag nytta som et formidlingsfartøy.»

Forbundet Kystens landsstemne er ein festival som samler eit storttal veteranbåter, skuter og mindre tradisjonsbåter ei langhelg i juli kvart år.