Og Trandal-blues-arrangøren ber folk ikkje bry seg om vêret.

– Nei, det spelar inga rolle korleis vêret vert. Denne helga er det Trandalblues, og då må folk kome, inviterer Terje Myklebust, Kyrre Grimstad og Arne Mo som arrangerer det dei kallar verdas vakraste bluesfestival på Christian Gaard på Trandal.

Som vanleg kan arrangøren Bratt & Blått vise til eit progran av høg kvalitet, med ei god blanding av lokale, nasjonale og internasjonale artistar.

– Vi har god tru på det musikalske uttrykket. Spesielt i år er at vi har to kvinnelege bluesgitaristar, begge leiarar for eigne band. Slikt likar vi, seier arrangøren.

Lokalt stiller Knut Eilefsen med nyebandet TightRope der ein også finn Robert Lien, Arne Moe, Bottolf Lødemel og Dan Aasebø. Lokal kan ein kanskje også kalle Adam Douglas. Han har spela i Ørsta-baserte Woodleg Odd, og no skal han synge både saman med Sykkylven Storband og eige band.

Mellom dei internasjonale artistane trekkjer arrangøren fram Chris Thomas King som var ein av hovudaktørane I storfilmen “O Brother, Where Art Thou” der han hadde ei stor rolle. Nytt i år er at alle artistane skal bu på Sagafjord Hotel som vert smekk fullt.

Det er som vanleg hektisk før start, men arrangøren er i rute og lovar ein festival som før. Som vanleg vert festivalen halden over to dagar, både med speling på hovudscena og i Løda. Det er sett opp båtskyss frå Sagafjord Hotel med god kapasitet, og bussar står klare til å frakte folk heim att. Raudekrossen stiller også med mannskap som sikrar ein trygg festival for alle.

Bratt & Blått-prisen skal delast ut også i år, og Kyrre Grimstad skal vere konferansier, noko som i seg sjølv kan vere verd inngangsbilletten.

Jubileum

Neste år er det ti år sidan Trandalblues vart starta. Sjølv om festivalpådrivarane brukar å vere skit leide etter kvar festival, har dei allereie bestemt at det vert jubileumsfestival på Trandal neste år.

– Vi har hatt som prinsipp at vi skal ha noko nytt til kvar festival. Men neste år leikar vi oss med tanken om ein «best of»-festival, seier Terje Myklebust, Kyrre Grimstad og Arne Moe.

Men først skal dei arrangere den niande festivalen – med sol eller regn eller kva som måtte kome. Dryp det frå himmelen, finst det råd:Drivarane av Christian Gaard har kjøpt inn eit pottetett regnsegl. Så då kan det berre pøse ned så mykje vêrgudane vil.

– Vel møtt skal alle vere, seier Bratt & Blått.