– Femti prosent av boka er sanning. Det handlar om korleis det er å leve i eit samfunn der folk vert vurdert etter rase, kultur og religion, slik eg hugsar det frå min oppvekst, seier Roberts.

Rangstige

Han er fødd i Kenya og oppvaksen i Tanzania og Seychellene. Oppveksten i kolonitida i Tanzania, der engelskmennene var på toppen av rangstigen, og afrikanarane sjølve var slavar i eige land sit att som sterke minne. Med foreldre frå Seychellene, kom Philip sjølv «godt» ut og var nummer fire på rangstigen. I boka «White Kings Corrupt Asians in Tanganyika (Tanzania)», skildrar han dette samfunnet. Og han skildrar det så godt, at det engelske forlaget ShieldCrest tok inn boka på kort tid.

– Du har skrive ei svært god bok. Denne skal vi ha, var tilbakemeldingane han fekk.

Mykje av boka er også fiksjon, men seier noko om kor gale det kan gå når pengar og makt får regjere. Eit diamantfunn er starten på det som til slutt endar opp i 14 drap og mange triste skjebnar. Ulovleg kjærleik har også fått plass.

– Der måtte eg endre slutten, for forlaget ønskte seg ei litt meir «happy ending», røper Roberts.

Starten på diamanthistoria er sann nok. Kanadiske John Williams kom til Tanzania i 1940 for å leite etter mineral. Den afrikanske kjærasten skulle bygge eit toalett til Williams i bakhagen, då ho kom over ein stor diamant, ein som framleis er rekna for å vere blant verdas største.

– Resten er frå min fantasi. Når ein diamanten kjem på ville vegar, og korleis pengar og makt driv folk ut i ulykke.

Til Ørsta

I Ørsta og Volda er han mest kjend som trenar for symjeklubben i ei årrekke, og som drivar av motorverkstad i Furene. Hit kom han etter eit opphald i militæret i England. I Brighton i 1968 møtte han Bjørg frå Noreg. Resten er historie.

– Det var etter ein tur tilbake til heimlandet mitt i 1991 at ideen til boka mi kom. Eg såg kor gale det hadde gått med landet. Etter at Tanzania vart fritt reiste både folk og verksemder ut av landet. Dei fekk problem med økonomien. Eg ønskte å skrive noko om dette.

Men tida har ikkje strekt til for ein aktiv mann, og først no, som pensjonist har boka fått si form.

Fleire land

Forlaget gir ut boka på engelsk, og ho kjem ut i fleire land, frå Australia, New Zealand, Canada og USA, til England og India. Roberts håper også å få gitt boka ut på norsk med tid og stunder.

– Eg vil opne auga til folk for korleis det var i kolonitida. Mange fordommar heng framleis att. Eg føler at det er ei viktig bok å skrive. Ting går betre i Tanzania no. Det er eit land i framgang. Men alt har ikkje alltid vore enkelt.

Boka kan folk få tak i gjennom dei store nettbokhandlarane som til dømes Amazon og WH Smith.