Dag og Tid-journalisten, TV 2-profilen og debattanten Jon Hustad frå Ørsta, fekk Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2016. Fredag, under Dei nynorske festspela, fekk han tildelt prisen av juryleiar Håkon Haugsbø. Seinare fekk publikum kome nærare Hustad i samtale med Haugsbø.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media og å ære ein dyktig journalist som bruker ein levande og god nynorsk, og er eit føredøme for andre. Prisen er på 50.000 kroner i tillegg til eit kunstverk signert Oddvar Torsheim.

Juryen skriv dette om prisvinnaren:

– Hustad har skarpe analyser, ein skarp penn – og ei skarp tunge. Han kan oppfattast som ein rabulist, men inntek ofte rolla som folkedjupet sin velutdanna talsmann. Jon Hustad er ein uredd journalist som baserer seg på fakta og grundige undersøkingar når han vågar å utfordre det politiske korrekte og stille spørsmål ved etablerte sanningar. Hustad har markert seg som ei kritisk og viktig røyst i den norske samfunnsdebatten, både i avis, på TV og i sosiale medium.

Hustad sjølv hadde ikkje rekna med å få ein målpris:

– Eg er veldig glad, men veldig forundra. Eg har alltid oppfatta nynorskrørsla som langt til venstre i det politiske landskapet. Det er ikkje eg. Difor hadde eg ikkje rekna med å få ein slik pris. Men eg takkar ja med begge hender, seier han. Under samtalen med Haugsbø fekk publikum kanskje forstå kvifor juryen beskriv Hustad nettopp slik. Han har raske kommentarar og held ikkje igjen i å seie det han meiner når Haugsbø stiller spørsmål. Hans kvasse blikk og kritiske kommentarar kom tydeleg fram då dei viste ein snutt frå debattprogrammet «Underhuset» på TV 2 Nyhetskanalen, som Hustad er fast deltakar i. Hustad valde å takke redaktøren i Dag og Tid, Svein Gjerdåker, for fridomen han gjev han, så vel som korrekturlesar i Dag og Tid, Klaus Myrvoll.– Det er lett å gjere feil i dette skriftspråket. Myrvoll har verkeleg stramma opp nynorsken min, meiner Hustad.