– Barn likar rim og rytme, men det er få slike bøker på nynorsk i handelen, seier Ottar Løvoll.

Han sit med eit rykande ferskt eksemplar av boka «1-2-3  Les og le». Framsida er dekorert med ei stor og nøgd ku, teikna av Linda Eriksen.

– Tekstane har eg henta frå dagleglivet. Eg har på ein måte drøymt meg inn i barndomen og henta fram inspirasjon til dikta der, seier Løvoll.

Han har laga om lag 35 rim og regler som skal passe for barn i alderen 5-10 år. Frå før har han gitt ut to diktbøker, og det var her ideen til ei bok for dei minste dukka opp.

– Nokre av dikta eg skreiv passa ikkje inn i det eg heldt på med då. Det var humor i dei, og eg tenkte at dette kanskje kunne vere noko for ungar.

Løvoll har fleire år bak seg i læraryrket, og har også vore lærar for Linda Eriksen.

– Eg såg talentet hennar med ein gong. Ho har ein herleg sterk, seier Løvoll om teikneferdigheitene til Eriksen. Ho har studert kunst og handverk ved Høgskulen i Volda.

– Dette er den første boka eg illustrerer. Dikta meiner eg jamt over er strålande, så det var lett å finne inspirasjon til å teikne, fortel ho.

Boka har vore jobba med og planlagt i lang tid. Ei tid vart ho lagt vekk, men no har dei gitt henne ut på Publica Bok forlag, med eit opplag på 500, i første omgang.

– Tanken bak fleire av dikta er at dei skal vere så enkle at sjølv dei som ikkje kan å lese skal klare å lese dei. Det går frå dei heilt korte og enkle, til dei som passar for dei litt større, med tal og slike ting. Skuleverket er sterkt inne. Dette skal vere ei bok som barna kjenner seg att i, seier Løvoll, som meiner boka vil høve godt ved sida av leseopplæringa i barnehage og skule, og også for høgtlesing til små barn. Ein lesepedagog har også medverka og gitt råd i tekstene.

Eg drøymer

Om natta når eg ligg og søv

då drøymer eg om tull og tøv

Eg såg ei krokodille

Veit du kva ho ville?

Ho låg der klar og venta på

ei lita tå

Eg drøymer berre tull og tøv

når eg ligg og søv

<strong>Illustrasjon:</strong> – Teikningane vart finare enn dei eg hadde i hovudet sjølv, seier Ottar Løvoll om arbeiet til illustratør Linda Eriksen. Her er det diktet «Eg drøymer» som er illustrert.