Laurdag var det tid for høgdepunktet under Sunnmørstreffet, som Amcar-klubben i Ørsta og Volda arrangerer i helga: Dragrace på Mosflata.

32 bilar stilte til start i solsteiken, og her kunne ein sjå eit breitt spekter av doningar prøve seg på stripa. Frå Tesla, via japanske bilar, Audiar til klassiske amerikanarar.

Etter kvart la regnskyene seg over Ørsta, men publikum fekk med seg to rundar med dragrace i strålande sol før torevêret kom.

Les meir om Sunnmørstreffet i tysdagsavisa, og sjå bildeserie over.