Søndag opnar Bakketunet på Bjørke sin sjuande sesong. Tunet er kjent for å vere Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, der tre av dei seks bygningane i tunet er freda. Sidan opninga i 2010 har tunet teke imot hundrevis av besøkande som får ta del i eit rikhaldig kulturprogram med gamle historiske gardsbygningar som kulisser, og sjølvsagt storslått fjordnatur, skriv Bakketunet i ei pressemelding.

Søndag er det på ny duka for sesongopning. Denne gangen med utstillinga «Tradisjon og fornying» av studentar ved lina Formgjeving, kunst og handverk på Høgskulen i Volda.

Arbeida av kunst- og handverksstudentane har stor spennvidde: maleri, plakatdesign, skulptur, objekt, keramikk, saum, filting, trearbeid og arkitekturmodellar, og er frå emna Objekt i rom, visuell kommunikasjon, leire-, design- og produktutvikling, tekstil-design og redesign og kunst og kommunikasjon. Nokre av arbeida er til sals. Studentane er både frå faglærarutdanninga i Kunst og handverk og frå Bacheloren i Kunst og handverk ved Avdeling for kulturfag, HVO. Utstilling er ein del av Kaarstadfestivalen som Avdeling for kulturfag arrangerar i år.

Utstillinga er å sjå t.o.m. 5. juni. Bakketunet er ope kvar søndag i sommar og nokre laurdagar. Gruppebesøk etter avtale.