Lovorda sat laust då Vener av Kunsthuset fekk omvising på Kunsthuset i Ørsta måndag.

Det er styret i Volda og Ørsta kunstlag som har invitert interesserte til å vere med til innsats for kunstlaget. Tanken er at dei som har tid og lyst kan stille opp og gjere enkle gjeremål, som til dømes å sitje vakt under kunstutstillingar, innvending vedlikehald av kunsthuset, reinhald, koke kaffi og servere mat i samband med dugnadar og anna.

– Eg har lyst til å vise dykk noko heilt spesielt, sa Anne Ellingsen frå styret, og inviterte dei 10 frammøtte med opp til loftet på kunsthuset. Her er eit stort areal som ved eit skikkeleg løft kan verte eit flott lokale.

– Vi ser føre oss at det til dømes kan verte eit atelier eller liknande, seier Ellingsen.

Loftet har originale mursteinsveggar, store vindauge og er svært luftig under taket.

10 møtte opp måndag føremiddag for å få meir informasjon om kunstlaget og kunsthuset, og for å registrere seg som Vener av Kunsthuset.

– Men langt fleire har teke kontakt med oss for å melde seg. Vi har ei liste på 30–40 personar. Responsen har vore kjempegod, fortel Ellingsen, og legg til at dei vil ta eit nytt møte på kveldstid for å gjere det enklare for folk å møte opp.

Volda og Ørsta Kunstlag har driftsansvar for kunsthuset og skal stå for vedlikehald og oppussing av lokala innvendig. Ørsta kommune har ansvaret for det utvendige vedlikehaldet, og gav midlar til dette under den store sentrumsdugnaden i fjor.

– Her er stadig noko å gjere, og vi treng stadig folk til større eller mindre oppgåver. Vi ønskjer at kunsthuset skal vere ein naturleg møtestad i sentrum, både for ørstingar og voldingar, men også for tilreisande. Får vi fleire å spele på lag med gjer det oppgåva vår enklare, seier Ellingsen.

Lisbeth Bjørneset Myklebust frå styret fortel om eit aktivt kunstlag, som jobbar for å verte enno meir synlege. Dei opplever no at kunstnarane nærast står i kø for å få stille ut, og er nær fullbooka langt ut i 2017.

– Alt arbeidet i kunstlaget er basert på frivillig arbeid, og då er det godt å ha gode vener som kan hjelpe til med kunstutstillingar og liknande, seier Myklebust, som gler seg over alle som vil stille opp og vere med på laget.