På litt over ei veke er han spelt av over 80.000 gonger på strøymetenesta Spotify, og hamna på andreplass på ei av dei norske topplistene same stad. Han har også vorte populær i Ørsta og Volda.

- Planen var å lage ein låt som nådde ut til mange og vart hørt. Vassendgutane var eit enkelt val, fordi dei er lokale, enkle å få kontakt med og er det største countrybande i Noreg, seier The Cigarillos til Møre-Nytt.

Personen eller personane bak remixen seier dei ønskjer å vere litt mystiske, og difor førebels ikkje ønskjer å gå ut med identiteten sin. Vi kan likevel avsløre at dei/han/ho er frå Ørsta.

«Granada» er ein av dei største suksessane til Vassendgutane, og var eit enkelt val då remixen skulle skapast.

– Denne versjonen av songen er meir rytmisk enn originalen. Det gjer han enklare å danse til, samtidig vi held på allsongen der alle får synge med. «Granada» er den første remixen til The Cigarillos, men artisten har planar om fleire songar.