Elevane er i området rundt Alicante. I år var det elevar frå linjene for blomsterdekoratør, køyretøy, byggfag, kokk og servitør, barne og ungdom, helsefagarbeidar og industrimekanikar som reiste nedover. Somme skal arbeide i Rojales og Torrevieja. Andre i Alfaz del Pi og Albir.

Våren har vore brukt til klargjering og førebuing for dei spente VG2- elevane, som har gjennomført både spanskkurs og fleire førebuande møte. Også ilag med foreldre og føresette, som er godt involverte i det spennande internasjonaliseringsprosjektet. Prosjektet er støtta med midlar frå Siu (Senter for internasjonalisering av utdanning).

– Ordninga med arbeidspraksis i Spania har vorte tradisjon ved Ørsta vidaregåande skule, med eit godt samarbeid med dei spanske bedriftene, fortel Anne-Marit Bae som er lærar og fagleiar ved skulen, og ein av dei som er med til Spania.

– Vi gler oss og er veldig spente, melder Bae frå Solkysten.

Beate Mork