Stavset internatskule vart bygt i 1915 for at borna langs Hjørundfjordstranda skulle sleppe å gå langs fonnfarlege stiar eller verte segla eller rodd over eller langs fjorden dagleg, noko som kunne vere livsfarleg.

Stavset skule vart nytta som internatskole til ut på 1950-talet. Etter kvart kom det veg med fonnoverbygg på Hjørundfjordstranda.

Nå er det berre igjen to internatskular for folkeskuleborn i Norge. Den andre ligg i Indre Telemark. Skulane er ein svært viktig del av vår nære historie

Hjørundfjord kulturvernlag samarbeider godt med dei sju eigarane av skulen på Hjørundfjordstranda, og kulturvernlaget ynskjer i denne omgangen å få ordna taket.

Skulen ligg vakkert til med utsikt til Honndalsrokken i sør og utover mot Storfjorden i nord. Framtidig bruk av Stavset internatskule kan verte så mykje.

– Det er eit fantastisk turområde, både sommar og vinter. Skulen kan verte eit flott turobjekt for alle skuleklassar i Ørsta/Volda og resten av Sunnmøre, heiter det frå Stiftinga UNI.

Leiar Synnøve Rekkedal Hill i Hjørundfjord kulturvernlag er glad for tildelinga.

– I år skal vi rive vestveggen på dugnad, før entreprenør Inge Kolås byrjar. I første rekkje handlar det om å ordne taket, og få bygningen tett utvendig, fortel Rekkedal Hill om planane.

Til prosjektet har kulturvernlaget fått 290.000 frå fylkeskommunen.

– Kulturvernlaget skal greie å skaffe 20.000 i eigenkapital. Og når vi først har kome i gang, trur vi at det vert enklare å få midlar, seier Rekkedal Hill.

Ho peikar på at når fylkeskonservatoren og riksantikvaren no skriftleg har dokumentert at Stavset internatskule er kulturminne av nasjonal verdi, vil det løyse ut midlar.

– For midlane frå UNI-stiftinga var dette avgjerande.

Hjørundfjord kulturvernlag har halde på med prosjektet Stavset internatskule i vel ti år.

– Slike prosjekt tek lang tid. Det berre viser at vi må ha tolmod, og ikkje gje opp under vegs. Gjennom arbeidet vårt med Bakketunet tidlegare, har vi vorte lagt merke til. Det gjer det enklare å halde dialogen med t.d. fylkeskommunen, som ein viktig bidragsytar, seier ei glad Rekkedal Hill.