Fleire lokale artistar har meldt seg på Musikkprisen 2016. Prisen har tidlegare vore regional, men i år satsar arrangørane på å gjere prisen nasjonal.

Marit Lystad Johansen frå Ørsta er blant artistane som er med på konkurransen. Bidraget hennar er låten «Chasing the Moonlight», som kjem på den nye plata hennar seinare i år. Greinalaust, Pikekyss og Cold Island er også med i konkurransen.

Musikkprisen er eit samarbeid mellom Ocean Sound Recordings på Giske, Momentium, Sparebanken Møre, Amfi Moa og Sunnmørsposten. Vinnaren får spele inn plate hos Ocean Sound Recordings og spele opningskonsert under Jugendfest på Color Line Stadion.

150 påmelde

Til saman har 150 band og artistar meldt seg på konkurransen. Fram til søndag 10. april er det mogleg å stemme fram sine favorittar på nettstaden til musikkprisen. 11. april skal det stå att seks finalistar, og fredag 22. april blir vinnarane kåra i finaleshowet på Terminalen Byscene i Ålesund.

Pikekyss er blant dei lokale artistane som kjempar om Musikkprisen.