Slik har du aldri tidlegare sett Kjell «Kjellen» Bigseth, som notida sitt svar på John Travolta. Torsdag spelte han inn dansevideo på Sæbø.

– Det er ein musikk- og dansevideo vi skal lansere i samband med det nye Klypa-showet som har premiere i september. Musikken til videoen kjem ut alt i vår, fortel Ørjan Liavåg, som regisserer videoen og deltek saman med Thomas Ryste i årets utgåva av Klypa.

Partylåt og russelåt

– Musikken er ein miks av ei partylåt og ei russelåt. Dette vert spennande, fortel Liavåg.

Videoen skal ha scener både frå heimelege trakter, og frå Syden.

– Videoen handlar om at «Kjellen» tøyer grenser. Han vågar seg til Syden. Men der byrjar han å drøyme seg heim, og i dag filmar vi draumesekvensen her på Sæbø, fortel Liavåg.

Mange statistar

Det er litt av eit opplegg som vert sett is ving når Thomas Ryste & Kompani skal lage ein video. Statistane var mange. Det var elevar og foreldre frå Sæbø skule, elevar frå Ørsta og Volda Ballettskule og fleire titals russ frå Volda vidaregåande skule.

– Det er kjekt at folk stiller når vi spør. Hadde det vore for nokre år sidan, ville folk ha vegra seg for å stille framfor eit kamera. No er det berre ja å få, seier ein glad Thomas Ryste.

Han hadde det travelt på Sæbø. Ikkje berre måtte han vere aktiv som dansar og hovudrolleinnehavar. Han måtte også takle fansen. Dei var det mange av. Dei ynskte gjerne å få bilete av seg sjølv og den kjende figuren Kjell «Kjellen» Bigseth. Gjerne som ein selfie.

– Eller Kjellfie som Kjellen kallar det, fortel Thomas. Han syntest det berre var hyggjeleg at unge som vaksne tok kontakt for å få eit minne frå innspelinga.

Kjellen er omkransa på Sæbø. Foto: Rune Sæbønes