Sunnmøres Alpine Arv hadde førpremiere på kinoane i Volda, Ørsta og Ålesund i byrjinga av mars. Tysdag 15. mars er det klart for TV-premiere på NRK.

Filmen vert vist i programmet Ut i naturen, og har ei sendetid på 55 minutt. Det er litt kortare enn kinoversjonen som vart vist til publikum. Det er filmskaparane Eirik Vaage og Carl Jørgen Nesset som står bak Sunnmøres Alpine Arv. Dei tek publikum med på ei reise blant tindane og pinaklane på Sunnmøre, frå dei første oppdagarane til dagens bratte eventyr.

– Historikarar og legender i miljøet teiknar eit fascinerande bilete av tidlege britiske pionerar og deira møte med vestlandsfolket. Klatring opp fjella vart sett på som galemannsferd, men nokre våghalsar tok mot til seg. I filmen blir vi kjent med dei som utforska og flytta grenser i fjellheimen. Kor mykje av vår fjelltradisjon byggjer eigentleg på britisk tankegods? Og korleis har spranget vore til breidda av aktivitet og ekstremsport i fjella i dag, sommar som vinter? heiter det i filmomtalen.

I over hundre år har «Slogen frå Fjorden» ruta vore urørt vinterstid, men i filmen er forsøket til Stig Jarle Helset, Åsmund Vaage og Tommi Raty dokumentert.