1. og 2 juli er det klart for den niande utgåva av Trandalblues. Arrangørane er i full gang med å planlegge årets festival.

- Signeringa av artistkontraktar går unna så blekket sprutar, og i år står hollywoodglamour, dansk kvalitet og norsk blues frå øvste hylle på programmet, skriv dei i ei pressemelding.

Dei presenterer no desse hovudartistane: Chris Thomas King, Torbjørn Risager, Adam Douglas og Christina Skjølberg. I tillegg skal Notodden-baserte Spoonful of Blues "snu løda opp ned begge dagane", som det heiter i pressemeldinga.

- For mange er dette bandet eit høgdepunkt, med rockbasert og hardtsvingande blues frå øvste hylle. Og kven veit, kanskje dukkar dei også opp på hovudscena.

I tillegg kjem Sykkylven Storband til Trandal.

- Dette er kanskje distriktet sitt mest aktive og leiande storband. Blues med sving og trøkk. I tillegg til å spele med eige band kan vi love at Adam (Douglas) stiller som solist saman med dei.

Signeringa av artistar held fram i tida framover, lovar arrangørane.

- Forhandlingane er i gang med fleire «kanoner».

Det blir også i år gratiskonsert på dagtid på laurdagen.

- Der kan det meste skje. Det har det gjort før.  Vi kan garantere at artistane vert inspirerte nok til å gi jarnet i år også, både på dagtid og på kveldstid.

Under følgjer arrangørane sin omtale av artistane

Chris Thomas King (USA)

- Denne artisten var ein av hovudaktørane I storfilmen “O Brother, Where Art Thou”. Her hadde han ei stor rolle, samstudes som at han bidrog til vesentlege delar av filmmusikken. Gjennom sitt musikarliv har han inspirert artistar som Mumford & Sons, og songane hans har blitt innspela av storleikar som Buddy Guy. Mange meiner at King har vore ein av dei som har ansvaret for å endre måten vi tenkjer blues på. I 2014 var denne artisten hovudattraksjonen ved skandinavias største bluesfestival, Åmål i Sverige. I år gjer han ein av sine sjeldne opptredenar i Norge, og det på Trandalblues!

Thorbjørn Risager & The Black Tornado (Danmark)

- Thorbjørn Risager er mellom dei sterkast skinande stjernene på “blueshimmelen” for tida. På Notodden i 2015 ga han ein skinande konsert. I år kjem han til Trandal. Rapportane frå bandet tyder på at dei reknar dette som sitt høgdepunkt i 2016!

Christina Lorentzen Skjølberg m/band

- Christina kjem frå Smøla. Ho kom som ein vakker vårbris inn på den Norske bluesscena for nokre år sidan, og dei som har opplevd denne artisten seier at tidvis har denne brisen utvikla seg til ein ekte, amerikansk tornado! Ein ung, blond, kvinneleg og venstrehendt artist fins det få av i verda, men når talentet har utvikla seg til ein artist av dette formatet er det unikt! Vi gler oss til Christina og til blues frå ein av Noregs fremste utøvarar i sin sjanger.Adam Douglas

- Han kom til Noreg første gongen som innhenta vokalist i Woodleg Odd. Han har vore på Trandalblues mange gonger, tidlegare nesten som inventar å rekne. Eit unikt talent sprengde på og han erobra sakte med sikker posisjonen som ein artist å rekne med i nasjonal samanhang, både åleine og saman med bandet sitt. Stemma hans spenner over fire oktavar, noko han har synt til fulle, både på tv og saman med ulike band. Vi ynskjer Adam hjarteleg velkomen attende, som solist med storband og saman med sitt eige band!