– Vi vonar at kulturprogrammet for våren fungerer. Vi har prøvd å finne variasjon, nå alle målgrupper og vi har noko som alle kan like, seier kulturhusleiar Janne M.G. Skarstein.

2015 vart eit godt år for Ørsta kulturhus med auke i besøkstalet, og no er vårprogrammet spikra.

– Vi har eit nytt format og design på heftet vår, og vi vonar at folk vil like det.Kulturprogrammet vert opna med nyttårskonserten til Ørsta hornmusikk denne helga. I februar står Are Kalvø på scena, og det er det mange som vil oppleve.

– Vi har sett opp to framsyningar. Den første vart fort utselt, og det er få billettar igjen den andre framsyninga. Eg vil verkeleg anbefale å få med seg Kalvø. Det er hysterisk artig, men det gir også rom til ettertanke.

Kari Svendsen har hausta gode kritikkar for framsyninga «Alle tiders - 50 år med banjo, viser og tullball» i hovudstaden. I februar kjem ho til Ørsta med framsyninga.

– Det er spesielt å få Kari Svendsen til Ørsta sidan framsyninga berre har vore i Oslo. Framsyninga inneheld alt. Ho er ein veteran i sin sjanger, og det er ikkje kvardagskost å få slike framsyningar hit.

Barne- og familieframsyninga «Bukkene bruse på badeland» frå Riksteateret kjem og til Ørsta kulturhus.

– Vi har hatt ei framsyning med same tittel før, men dette er ny regi og nye folk som står bak.

I mars kjem Rita Eriksen med «Rita Eriksen syng Eva Cassidy.

– Ho har ei stor stemme, og dette vert fantastisk flott. Øyvind Blunck er på plass i april med «Absolutt Øyvind». Dette er allereie eit populært arrangement der mange billettar har blitt selt. I september i fjor hadde kulturhuset suksess med «Latter live on tour», og det vart to fulle hus.

– Det kjem vel så dyktige komikarar som sist i Gustav Nilsen, Fredrik Steen og Halvor Johansson.

Sjølvsagt er det fleire lokale aktørar som skal vise seg fram på Ørsta kulturhus denne våren. Musikalen til Volda vgs., konsert med Follestaddalen hornmusikk, vårshowa til ballettskulen, Ungdomens kulturmønstring og Musikalsk Oase står på vårprogrammet.

– Det er mange lokale aktørar i sving, og vi er veldig glade for at dei nyttar Ørsta kulturhus. Musikalsk Oase vart ein kjempesuksess i fjor, og det vonar vi at det blir i år og. Vi har ei god blanding av tilreisane og lokale aktørar, profesjonelle og glade amatørar. Kulturhuset er for alle, og det er storstova vår.

På kulturarrangementa opplev kulturhuset stadig betre førehandssal.

– For oss er det mykje enklare å planlegge det praktiske dersom vi har førehandssal, og det gir oss også ein peikepinn på kva det er mest interesse for. Vi ser at folk er glade i konsertar og teater, og det å gi ein bilett til eit kulturarrangement i gåve vert stadig meir populært. Vi hadde rekordomsetting i gåvekort i 2015, og det er kjekt å få ei oppleving i gåve.