31 deltakarar var med i klassene for solo og kammermusikk, og det var mange flotte og fine framføringar på scenen i Storsalen.

Tre deltakarar kvalifiserte seg direkte til den nasjonale meisterskapen: Eirik Stave (piano, klasse 1) frå Ørsta, Kristina Aase Fransson (trompet/kornett, klasse 3) frå Førde og Gloppen kulturskule slagverksensemble med Arild Bjørkelo, Edvard Røgeberg, Elias Voll og Espen Reed Lote (klasse 3, kammermusikk).

Nokre er framleis spent på om dei kjem til Oslo og den nasjonale meisterskapen (det vert avgjort av ein nasjonal jury etter at alle dei regionale meisterskapa er haldne). Dette gjeld Ingrid Anna Slettebakk, Alex Makassiouk, Vestnes messingkvartett, Gitarkvintett og Bendik Kvalsvik Stenberg.

Den nasjonale meisterskapen skal vere ved Norges musikkhøgskole i Oslo, 23.–24. januar 2016.