Tidlegare i år vart det første store konsertarrangementet arrangert i Mørehallen med Hellbillies som trekkplaster. Med eit publikum på rundt 1.800 vart arrangementet ein suksess, og no er artistane for neste års arrangement klare.

– Vi har fått kanskje eit av Noregs mest populære band i DDE til å kome til Volda. Dei skal også feire 25 år neste år, og har sagt ja til å kome og spele som hovudattraksjonen vår den 3. september. Dette er vi veldig glade for. Vi har hatt ein god dialog med Eskild Brøndbo, og dei ser veldig fram til å kome hit og lage liv, seier Kenneth Nydahl.

Coverband

I tillegg til DDE kjem også Love Shack til Volda i september neste år.

– Love Shack er Noregs desidert beste coverband, og dei kjem også til Volda. Alle songane som publikum kan refrenga på spelar dette bandet. Love Shack vil gå på scena etter DDE, og køyre kvelden vidare.

Halvparten av billettane til konserten i Mørehallen vert tilgjengeleg allereie i desember.

– Det vert ein rabattert pris til dei som er tidleg ute. Litt for å skape blest, men for eit idrettslag som Volda så er det ei stor investering å få desse banda hit. Vi vonar at dei som var her sist, og dei som høyrt om korleis det var her under førre konsert, vil vere med på ein dans til her i Volda.

Årleg tradisjon

Etter suksessen tidlegare i år er det von om at DDE også vil trekke mykje folk til Mørehallen.

– Vi ynskjer å lage ein årleg tradisjon i Volda. Etter kvart så ser vi moglegheita for å få såpass store band som DDE til Volda. Viss vi får det som vi vil, og får godkjent alle rømmingsvegane, så har vi moglegheit til å trekke det same talet på publikum som siste og litt til. Då er det moglegheit for eit publikumstal på 2.200, seier Nydahl.