Ikkje så rart: For eit par veker sidan sat Andrea Haga Vik og keik ut gjennom glaset heime på Vallabøen. Blant dansande haustlauv på veg mot kvile, og fuglar på leit etter mat, oppdaga ho noko spesielt: Ein liten sommarfugl bada i den unge vinteren.

– Dette er veldig rart, sommarfuglen skulle jo vere død no, reflekterer Andrea som måndag tok med seg hybelbuaren på skulen. Sommarfuglen har hatt tilhald i eit stort glas siste fjorten dagane. Der har han vorte fôra opp på den beste måten med agurk, salat og diverse blomster. Og apetitten til sommarfuglen har vore god. Han var høgst oppegåande då Møre-Nytt besøkte klassen måndag. Som om det ikkje var nok: Nyleg kom Amanda på skulen med ein bolle med rumpetroll.

– Eg fann dei i grøfta under ein busk ved fotballbana, fortel Andrea si klasseveninne.

Amanda hadde med seg tre rumpetroll, men no er det berre eit som er i live.

– Dette er naturfag på grunnplan. Eg vert glad når elevane kjem og fortel om slike artige funn, seier kontaktlærar Inger Lise Lystad.

Til liks med dei tjuefem elevane i 3B er ho like fascinert over at det stadig dukkar opp levande vårteikn når vinteren ligg her traust og kald over bygda, og mørketida er her for fullt.

Lagnaden

Korleis lagnaden vert for neslesommarfuglen framover er vel usikkert, og det same gjeld rumpetrollet. Men ingen skal ta frå ein oppegåande tredjeklassing iveren etter å halde liv i dei små. For Eiril har fisk i glas og vatn heime. Og no vil ho dele på maten, u-hjelp i miniatyr.

– Eg skal ta med meg fiskemat til rumpetrollet, slik at det kan vekse opp og verte ein frosk.Klassen nikkar og er nøgde.Dei går for ein grøn frosk til jul.