Neste år er det åtti år sidan den spanske borgarkrigen starta, ein krig som framleis har stor historisk og politisk interesse. Etter initiativ frå finske Katariina Lillqvist vart arbeidet med eit nordisk kunst/akademisk prosjekt til minne om starten på den spanske borgarkrigen starta, og har fått namnet «Train to Spain». Prosjektet skal synleggjere og fortelje om nordiske frivillige som reiste til Spania som soldatar og helsepersonell på slutten av 1930-talet. Ei utstilling, som opnar neste haust, vil reise frå Stockholm via Oslo, København, Paris, Barcelona, Malaga til Alcoi der eit nordisk sjukehus spelte ein vesentleg rolle under borgarkrigen. Høgskulen i Volda ved dosent Gunnar Strøm i nært samarbeid med professor Jon Olav Myklebust har ansvaret for den norske delen av prosjektet.

Den formelle oppstarten av prosjektet vert markert med eit ope seminar ved Høgskulen i Volda 19. oktober.

– Seminaret vil hovudsakleg gå på norsk, og vi har von om å få med lokalsamfunnet på dette. Den spanske borgarkrigen har aktuelle parallellar til dagens situasjon i m.a. Noreg. Dette er eit spennande prosjekt som viser korleis vesle Volda er viktig nasjonalt og internasjonalt, seier Strøm.

Til Høgskulen i Volda kjem m.a. Jo Stein Moen som vil snakke om Noreg og den spanske borgarkrigen. Myklebust skreiv i 1982 bok om 18-åringen Martin Schei frå Førde som reiste som frivillig til Spania for å kjempe mot Franco. Myklebust vil presentere historia, og har også gjort nye funn rundt Schei. Til utstillinga neste år vil Turid Rogne lage dokumentar om Schei.

Utanriksreporter Sigrun Slapgard frå NRK kjem til Volda for å snakke om Lise Lindbæk som krigsreporter. Àngel Beneito og Gemma Ballester vil ha innlegg om det svensk-norske sjukehuset i Alcoi i 1937, og Bernt Hagtvet vil snakke om Johannes Hagtvets arbeid i Alcoi. Tinna Jonè har eit kort innlegg om arbeidet med dokumentar om Bertha Olofsson, og Katariina Lillqvist og Nils Claesson vil snakke om «Train to Spain» prosjektet. Det vert og bokutstilling på biblioteket ved høgskulen.

– Vi har von om å nå mange unge med seminaret, og vi gler oss, seier Strøm.