– Luke Elliot er eit rock`n roll-talent som liknar på Nick Cave, Leonard Cohen og Tom Waits, heiter det i pressemeldinga om artisten.

Den unge amerikanaren har trykt Noreg til sitt bryst, og legg no ut på Noregsturné. Førstkomande fredag spelar han på Rokken i Volda.

Kritikarrost album

I september gav han ut albumet «Dressed For The Occasion». Albumet har fått strålande kritikkar, og står til terningkast fem i Dagsavisen, Fædrelandsvennen og iTromsø. Dagens Næringsliv sin meldar skreiv følgande:

«Han har den energien, de ærlige tekstene og stemmen som får folk til å trekke frem hele elitelaget av referanser frå Bob Dylan til Elvis Costello.

Musikken til Elliot er mellom anna å finne på den siste sesongen av TV-serien «Dag».

Luke Elliot vaks opp i New Jersey i USA, og vart teken med til Noreg av tidlegare Rihanna-manager Christa Shaub og VG-journalist Eirik Mosveen. No vil han satse for alvor på musikken, med utgangspunkt i Noreg.