Torsdag skulle Morten Abel spele konsert på Rust i Ørsta. Konserten vart avlyst på svært kort varsel.

- Morten har vore sjuk i heile dag. Dessverre har han vorte verre utover dagen, og kan ikkje gjennomføre konserten, skriv Rust på Facebook-sida si torsdag kveld.

Rust ber om orsaking for avlysinga.

- Han har gledd seg til å spele på Rust igjen. Vi håper Morten kjem tilbake til Rust ein annan gong.

Dei førehandskjøpte billettane til konserten blir refunderte.

Fredag skal Morten Abel etter planen spele på Terminalen i Ålesund. Det er uklart om sjukdomen får konsekvensar for den konserten, melder smp.no.