I første omgang handlar det om å byggje ein storrampe, men ønsket er å få på plass midlar til ein mindre rampe også.

Siste dagane har det vore høg aktivitet i dei tidlegare møbelfabrikk-lokala i Ytre-Hovden der Oddmund Hovden har opna døra for nyskipa Ørsta Brettklubb. Klubben er svært glad for at dei får leige areal i Hovden Møbel sine lokale.

– Mange i Ørsta driv med skating eller dei kan tenke seg å drive med dette. Men det har mangla tilbod. I Ytre-Hovden skal dei få skate i eit trygt og godt miljø, fortalde nestleiar i klubben, Knut Steinnes, då han sist veke orienterte levekårsutvalet om Ørsta Brettklubb.

Steinnes meiner det er viktig med eit alternativ til den organiserte idretten.

– Min generasjon stod på rullebrett på 80- og 90 talet då dette var ulovleg. No har vår generasjon fått ungar og vi engasjerer oss for den «nye» gruppa skatarar. I Volda har dei eit fantastisk skateanlegg, men det er litt langt for ørstingane å reise dit, dessutan er det ikkje mogleg å nytte anlegget i Volda vinterstida, sa Steinnes.

Støtte

Han argumenterte for at levekårsutvalet løyvde 100.000 kroner i støtte til brettklubben som til no har fått 60.000 kroner i sponsormidlar. Klubben treng pengar både til investeringar og drift. I dag leiger klubben 120 kvm i fabrikklokalet, men dei ønskjer å utvide arealet og å byggje fleire seksjonar for skating.

– Skatarane høyrer til ei gruppe som ikkje har fått så mykje pengar opp gjennom åra, så no bør politikarane bla opp, sa Steinnes.

Politikarane snakka berre varmt og positivt om tiltaket, men når kassa er tom er det vanskeleg.

Utvalet fann likevel 10.000 kroner frå kulturmidlane, og oppmodar formannskapet om å løyve resten, 90.000 kroner.

– Her er det ikkje snakk om nybygg til fleire millionar, men nokre hundretusenar som kan gi ørstingane, og også voldingane, eit fullkomme innandørs heilårstilbod. Dette kjem til å verte heilt fantastisk viss vi får alt på plass, seier Steinnes.

Han fortel at dei vil drive klubben som ein vanleg idrettsklubb, der vaksne engasjerer seg for dei yngre medlemene.

– Dette vil verte drive på lik linje som klubbar som driv med fotball eller handball, fortel nestleiaren.

– Vi vil fremje og jobbe for at dei som driv på med denne sporten skal få halde på under skikkelege forhold, og med moglegheiter for å kunne verte skikkeleg gode. Vi har plenty med ballbingar rundt om kring, og no ligg det også til rette for at vi skal få ein kjempebra innandørshall. Vi håper vi klarer å få tak i nok midlar til både husleige og ei ekstra rampe før vi opnar praktanlegget 1. november.

<strong>God plass:</strong> Brettklubben låner om lag 120 kvadratmeter av lokalet til Hovden Møbel, men vil svært gjerne utvide til å kunne nytte seg av heile hallen, i underkant av 350 kvadrat, men då treng dei meir økonomisk støtte. Foto: Knut Steinnes